Oppgave
Journalist grovt hetsa på jobb
Pressefridommen i Noreg står sterkt. Men sjølv om norsk presse er fri og uavhengig, hender det at journalistar blir utsette for truslar og trakassering når dei er på jobb. Det har TV 2-reporter Kadafi Zaman fått erfare.
A. Les artikkelen frå journalisten.no
Artikkelen inneheld òg klipp frå episoden som Zaman sjølv delte i sosiale medium.
B. Reflekter over desse spørsmåla i grupper
- Korleis reagerer Kadafi Zaman på hetsen frå Sian?
- Kvifor er det viktig å dokumentere situasjonar som dette?
- Hendinga fekk det til å koke i sosiale medium. Kvifor trur de så mange reagerte på dette?
- Kvifor er det viktig å verne journalistar som utfører samfunnsoppdraget sitt?
- Kva konsekvensar kan truslar og grov hets mot journalistar få?
A. Sjå Facebook-innlegget og les saka på tv2.no
B. Reflekter over desse spørsmåla i grupper
- Korleis svarer Zaman på hetsen?
- Kvifor er det viktig at Zaman tek eit oppgjer med hetsen, både som privatperson og som journalist?
- Kvifor trur du Zaman valde Facebook som publiseringskanal for innlegget sitt?
- Kva konsekvensar fekk dette Facebook-innlegget?
A. Kadafi Zaman blei kalla "muslim-jævel"
Sjå videoklippet Journalist ble kalt "muslim-jævel".
B. Oppsummerande diskusjon i grupper
- Kva situasjonar reagerer de mest på? Den rasistiske hetsen frå Sian eller den rasistiske hetsen frå den mannlege demonstranten? Grunngi svaret.
- På kva måte kan hatefulle ytringar og angrep retta mot journalistar true pressefridommen i Noreg?