Eigenvurdering av emnet ytringsfridom, pressefridom og demokrati - Mediesamfunnet 2 - NDLA

Hopp til innhald
Egenvurdering

Eigenvurdering av emnet ytringsfridom, pressefridom og demokrati

Kvifor er ytrings- og pressefridom ein føresetnad for demokratiet vårt? Gå gjennom punkta nedanfor, og vurder eiga forståing av dette emnet.

Kva har du lært om ytringsfridom, pressefridom og demokrati?

Gå gjennom punkta og få oversikt:

  • Eg veit at ytringsfridom er ein grunnleggjande rett som handlar om å gi uttrykk for eigne meiningar.

  • Eg har lært kvifor nyheitsmedia er viktige og nyttige for samfunnet vårt, og kvifor ei fri, uavhengig presse er blant dei viktigaste institusjonane i demokratiske samfunn.

  • Eg forstår at pressefridom viser til retten pressa har til å drive med informasjon, kritikk og debatt, utan sensur.

  • Eg forstår kvifor gode forhold for pressa, og vern av journalistar som utfører samfunnsoppdraget sitt, sikrar eit levande demokrati.

  • Eg har lært at når pressefridommen blir undergraven, er det eit teikn på at demokratiet blir svekt.

  • Eg veit kva pressefridomsindeksen er, og at han gir eit bilete av forholda for presse- og ytringsfridommen i verda.

  • Eg kan forklare kva som ligg i omgrepet rasisme.

  • Eg forstår korleis nyheitssaker som set søkjelyset på rasisme, kan påverke samfunnsdebatten.


Omgrep

Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 08.03.2021