Medium som endrar verda - Gruppediskusjon om digital medieutvikling - Mediesamfunnet 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Medium som endrar verda

Gruppediskusjon om digital medieutvikling

CC BY-SA 4.0

På 1990 talet blei internett til. Dette har fått store konsekvensar for medierøyndommen og samfunnet i dag. Diskuter desse spørsmåla i små grupper:

1) Kva konsekvensar har internett og den digitale medieutviklinga fått for mediebruken vår?
Diskuter forhold som bruk av sosiale medium, press og stress, digital mobbing osv.

2) Kva konsekvensar har internett og den digitale medieutviklinga fått for samfunnsdebatten?
Diskusjonen kan gjerne ta utgangspunkt i ekkokammer-effektar og spreiing av falske nyheiter (sjå fagtekst Over til personlege medium 2000–2020). 

Fagartikkel

Over til personlege medium 2000–2020

Sosiale medium fjernar skiljet mellom profesjonelle og ikkjeprofesjonelle avsendarar. Etablerte medium fokuserer meir på tovegskommunikasjon. Media nærmar seg kvarandre og smeltar saman. Tilgangen til informasjon er enorm, men avanserte algoritmar tilpassar informasjonen til spesielle brukargrupper.

Personlege medium endrar medierøyndomen

Etter tusenårsskiftet er framleis dei fem store massemedia viktige aktørar i samfunnet vårt. Men det som først og fremst pregar det første tiåret på 2000-talet, er framveksten av nye personlege medium. Sjølv om både Internett og mobiltelefon kom i 1990-åra, er det først no desse media slår igjennom for fullt. På Internett kan alle opptre som sendarar. Det er ikkje lenger ei rolle som berre kan fyllast av profesjonelle medieprodusentar.

Nettsamfunn som Facebook, diskusjonsforum og bloggar har fått ei viktig rolle. No snakkar alle om tovegskommunikasjon. Dei etablerte media må ta dette inn over seg og endre den tradisjonelle måten å kommunisere med mottakarane på.

Intervju med den unge bloggaren Voe. Video: NRK / CC BY-NC-ND 4.0

Media smeltar saman

Utviklinga går i retning av mediekonvergens. Media nærmar seg kvarandre og smeltar saman. Derfor må mediehusa tenkje nytt, både når det gjeld eigartilhøve og måten drifta er organisert på.

På mange måtar kan vi seie at vi kan oppsummere mediehistoria i ein moderne smarttelefon: Vi har no eit allmedium der vi kan snakke i telefon, men også lese avisa, ta opp eller laste ned video eller bilete, sjå fjernsyn, høyre radio og musikk og mykje, mykje meir.

Filterbobler og ekkokammereffektar

Internett gir tilgang til overflod av informasjon. Men avanserte algoritmar gjer det no mogleg å skreddarsy denne informasjonen slik at den er tilpassa ulike brukargrupper. Internett viser oss det dei trur vi ønskjer å sjå, men ikkje naudsynt det vi treng å sjå. Det gjeld både kommersielle tenester, nyheitstenester og søkjetenester. Sjølv om tilgangen til informasjon er enorm, lever mange likevel i eit avgrensa informasjonsunivers, ei filterboble.

Forhandssiling av informasjon og meiningar påverkar samfunnsdebatten. Omgrepet ekkokammer blir brukt om ein situasjon der informasjon, idear eller oppfatningar blir forsterka gjennom repetert kommunikasjon innanfor ei avgrensa gruppe. Offentlegheita på 2000-talet er meir fragmentert og individualisert enn tidlegare.

Ein effekt av dette kan vere ei sterkare polarisering mellom ulike samfunnsgrupper. Det opnar også for aktørar som har interesse av å spreie usann informasjon. I samband med demokratiske val eller viktige vedtak blir falske nyheiter spreidde med tanke på å påverke opinionen. Slike nyheiter blir forsterka ved at dei blir spreidde ukritisk i ekkokammer i sosiale medium.

Skrive av Marte Lindstad Næss og Ragna Marie Tørdal. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 19.11.2017

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Medium som endrar verda