Mediemakt, representasjon og mangfald - Ta debatten! Ungdom og representasjon - Mediesamfunnet 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Mediemakt, representasjon og mangfald

Oppgåve

Ta debatten! Ungdom og representasjon

Korleis blir du påverka av dagsordenen til media, og er sakene i dagens nyheitsbilete relevant for deg? Ungdom er ei gruppe som sjeldan slepper til i media, kva konsekvensar kan dette ha for demokratiet? Ta debatten med resten av klassen!

Gå saman i grupper på tre. Gå inn på tre ulike nettaviser. Finn ut kva saker som står på dagsordenen.

1. Diskuter spørsmåla

  • Kva saker i dagens nyheitsbilete er relevante for dykk? Grunngi svaret, og vis til ulike saker.
  • Korleis blir de påverka av det som skjer i nyheitsbiletet no? Gå inn på ulike eksempel.
  • På kva måte pregar nyheitsmedia samtalane i vennegjengen din? Kom med konkrete eksempel.
  • Korleis er ungdom framstilt og representert i dagens mediebilete? Finn eksempel på saker der ungdom er intervjuobjekt.

2. Drøft spørsmålet under i gruppa

Ungdom er eit eksempel på ei gruppe som sjelden blir framstilt og representerert i media, kva konsekvensar kan dette ha for demokratiet?

  • Bruk fagomgrep når de diskuterer, ver saklege, og finn ulike argument til spørsmålet.
  • Noter ned argumenta i gruppa. Alle gruppemedlemmene skal delta i drøftinga.

3. Debatt på sosiale medium

Tenk over

Korleis kan du påverke meiningane og haldningane til resten av klassen gjennom argumenta du har lagt ut?

  • Del synspunkta med resten av klassen i ei diskusjonsgruppe på Teams. Kvar gruppe skal dele minst tre ulike argument.
  • Ver saklege, og vis ytringsansvar!
  • Når alle gruppene har posta synspunkta sine, skal de studere argumenta i klassediskusjonen.
  • Blir spørsmålet belyst frå ulike sider, eller er det mange like argument?
Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 23.09.2024

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Mediemakt, representasjon og mangfald