Mediemakt, representasjon og mangfald - "Historier om fattigdom" – kjelder og representasjon - Mediesamfunnet 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Mediemakt, representasjon og mangfald

Oppgåve

"Historier om fattigdom" – kjelder og representasjon

Monika Schelander har levd med store økonomiske utfordringar i mange år. I Bergens Tidenes artikkelserie “Historier om fattigdom” står tobarnsmora fram og blir eit talerøyr for ei gruppe vi sjeldan høyrer i samfunnsdebatten. I denne oppgåva skal du sjå nærare på debattinnlegget ho skreiv.

“Historier om fattigdom”


Det er ekstremt frustrerende å sitte med følelsen av skam, av å ikke strekke til og mestre livet. (Monika Schelander, Jeg pantet flasker for å få råd til min sønns bursdag, 6. desember 2019)

Fattigdommen i Noreg aukar. Tobarnsmora Monika Schelander har levd med økonomiske utfordringar i mange år. I Bergens Tidenes artikkelserie “Historier om fattigdom” står ho fram med historia si. Fattige menneske er ei gruppe som sjeldan slepper til som kjelder og intervjuobjekt i media.

“Historier om fattigdom” består av ei rekkje artiklar og debattinnlegg. Her løfter avisa fram dei fattige sine eigne historier. Gjennom ei rekkje debattinnlegg og nyheitsartiklar er målet å skape forståing for dei som har mindre enn dei fleste. Historiene gir eit nytt perspektiv på fattigdom.

Monika Schelander måtte pante flasker for å få råd til bursdagsfeiringa til sonen. I debattinnlegget skriv ho om tankane og kjenslene sine, og ho blir eit talerøyr for dei fattige. Monika Schelander og dei andre bidragsytarane i «Historier om fattigdom» vart kåra til årets debattant av Bergens Tidende.

1) Les gjennom teksten til Monika Schelander

Jeg pantet flasker for å få råd til min sønns bursdag

2) Sjå intervjuet med Kristine Holmelid frå Senter for undersøkende journalistikk

Senter for undersøkende journalistikk samarbeidde med Bergens Tidende om artikkelserien "Historier om fattigdom". Video: Jarle Sten Olsen, Eva Sophie Wolff-Hansen / CC BY-SA 4.0

3) Svar på desse spørsmåla

  • Kva tenkjer du om debattinnlegget til Monika Schelander?
  • Har denne teksten gitt deg eit nytt perspektiv på fattigdom i Noreg? Grunngi svaret ditt.
  • Kvifor samarbeider Senter for undersøkende journalistikk med Bergens Tidende om artikkelserien?
  • Fattige menneske er eit eksempel på ei gruppe som sjeldan kjem til orde og har liten innverknad i samfunnet. Kvifor er det viktig å sikre at denne gruppa blir representert og høyrd i media?
  • Kvifor trur du Monika Schelander og dei andre bidragsytarane vart kåra til årets debattant av Bergens Tidende?
  • Du kan lese gjennom dei andre debattinnlegga i BT-serien her: Historier om fattigdom
Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 21.02.2020