Oppgave
Prisen for å bli berømt
I det fiktive realityshowet Generation Mars er premien ein einvegsbillett til planeten Mars. Kor langt er du villig til å gå for å bli ein kjent person? Sjå filmen og diskuter i klassen.
Kortfilmen "Generation Mars" handlar om Astrid som har vunne eit realityshow der vanlege menneske blir sende til Mars utan å kunne kome tilbake. Sjå kortfilmen i klassen, og diskuter filmen etterpå.
Reflekter gjerne rundt følgjande spørsmål:
- Kva tankar gjorde du deg undervegs om Astrid sin situasjon?
- Kva synest du om slutten på kortfilmen? Kva trur du skjer vidare?
- Realityshow har vore med på å flytte grenser for kva vi oppfattar som akseptabelt. Kunne dette realityshowet ha vorte laga i verkelegheita?
- På kva måte kan populære underhaldningsprogram bidra til å skape unødig press?
- Kva er bodskapen til filmen?
- Kor langt er du villig til å gå for å bli ein kjend person?