Oppgave
Roller i TV-produksjon
Kva gjer innspelingsleiaren? Kva gjer ein skript? Samarbeid med andre, og finn ut meir om dei ulike rollene i ein TV-produksjon.
I produksjonsmiljøet finst det mange ulike yrkesvegar. Nokre roller krev at du er kreativ og omgjengeleg, andre delar av produksjonen treng folk som forstår seg på logistikk eller tekniske detaljar. No skal du, saman med andre eller heile klassen, prøve å finne ut meir om rollene som kan vere del av i ein større TV-produksjon.
Sjå på yrkestitlane på oversiktsbiletet, og vel nokre roller du vil lære meir om.
Finn svar på desse spørsmåla:
- Kva er arbeidsoppgåvene?
- Kvar jobbar du? (arbeidsstad/område)
- Beskriv «ein typisk dag på jobben» …
- Kva utdanning må du ha?
Kva eigenskapar bør du ha?
Heile klassen kan samarbeide om å lage ei digital, interaktiv tavle med alle yrkestitlane samla. Fordel yrke etter interesse, og bli litt klokare saman.
Bruk til dømes Samtavla eller Padlet. Kanskje læraren dykkar kan opprette klassetavla?
Innføring i samtavla