Generation Mars - Mediesamfunnet 1 - NDLA

Hopp til innhald
Kortfilm

Generation Mars

Astrid er berre dagar unna å dra til Mars. Ho har vunne eit realityshow der vanlege menneske har konkurrert og førebudd seg i fem år for å bli sendt til Mars, utan moglegheit for å kunne kome tilbake.

Handling

TV-teamet følgjer Astrid idet ho skal ta sitt siste farvel med jorda og dei ho er glad i. Filmen gir oss eit emosjonelt innblikk i den vanskelege reisa til Astrid mot noko potensielt større. Vi får også sjå korleis TV-bransjen kynisk utnyttar seg av den dramatiske avskjeden.

Om filmen

Generation Mars er ein eksamensfilm frå Den norske filmskolen i 2016. Filmen blei same år nominert til Student Academy Awards, eller Student-Oscars, som det blir kalla på folkemunne.

Reality som TV-konsept

Robinsonekspedisjonen i 1999 blir av mange rekna som den aller første norske realityserien. Sidan den gongen har sjangeren eksplodert. Interessa for å sjå kva heilt vanlege menneske gjer i uvante og vanskelege situasjonar, ser ikkje ut til å bli mindre. Showa blir gjerne berre større og meir sensasjonelle.

TV-selskapa har fleire gonger fått kritikk for å utnytte unge menneske for å få fleire sjåarar og klikk. I dei fleste realityprogram får deltakarar tilbod om samtale med psykolog.

Relatert innhald

Skrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.01.2020