Verkemiddel i traileren til Kongens nei - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Verkemiddel i traileren til Kongens nei

I desse oppgåvene skal du øve deg på å kjenne igjen og beskrive forteljeteknikk og filmatiske verkemiddel i ein trailer.

1. Forteljeteknikk

  1. Beskriv kva slags forteljeteknikk som blir brukt i traileren.

  2. Kan du på bakgrunn av forteljeteknikken i filmen vurdere kva slags sjanger, eller sjangrar, filmen høyrer til? Utdjup svaret ditt.

2. Filmatiske verkemiddel

  1. Lag ei liste over kva filmatiske verkemiddel som er brukte i traileren.

  2. Beskriv så korleis verkemidla blir brukte.

  3. Kva er meint med den retoriske appellforma patos, og korleis kan verkemiddel brukast til å skape patos i filmar?

  4. På kva måte blir patosappellen styrkt i denne traileren?

  5. Kva kjensler sit du sjølv igjen med etter å ha sett traileren?
Skrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 27.02.2023