Ungdom og globale plattformer - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Ungdom og globale plattformer

Unge i dag har vakse opp i ei globalisert medieverkelegheit der dei potensielt kan velje bort alt norsk innhald. Det er ei utfordring for norsk medieindustri.

Ungdom + globale plattformer = sant

Ungdommen i dag er sosiale, globale og digitale – i større grad enn andre grupper i det norske samfunnet. Dei har som skil seg frå alle andre, barn som vaksne.

Som ungdom tilhøyrer du dei globale innfødde, ein generasjon som har vakse opp i ein mediekultur dominert av globale plattformer som Facebook, Spotify og Netflix. Du er del av den første generasjonen som potensielt kan velje bort alt norsk innhald.

Mediebransjen i Noreg fryktar at din generasjon ikkje kjem til å bli som foreldra sine. De er dei første som tek i bruk nye medieteknologiar, og de er dei første til å forlate etablerte medieformer. Det siste ser vi tydeleg når det gjeld bruk av Facebook, der tendensen er at dei unge i den vestlege verda forlèt den globale plattforma.

Dette får konsekvensar for både deg, dei norske media og styringa av i Noreg.

Tenk over

Er du einig i den skildringa som blir gitt av medievanane til unge? Kom med døme som underbyggjer denne skildringa.

Diskuter i klassen i kva grad dei eldre generasjonane tek etter medievanane til ungdommen.

Kampen om dei unge

For unge er eit særleg attraktivt innhald. Underhaldninga er viktig som identitetsbyggjar og generasjonsmarkør i ei ungdomstid som formar ungdommane som menneske. Underhaldninga toppar , og konkurransen mellom medieaktørane er stor både nasjonalt og globalt.

Rekk opp handa dei av dykk som har sett

  • Førstegangstjenesten

  • Ex on the Beach

  • Kompani Lauritzen

  • Paradise Hotel

  • The Breakfast Club

  • Beverly Hills 90210

  • Gossip Girl

  • Skam

  • Genera+ion

  • Young Royals

Eigenprodusert plattforminnhald er populært

Som ungdom konsumerer du ikkje berre underhaldning frå dei store medieaktørane. Du konsumerer òg underhaldning som du sjølv finn, innhald som er laga av influensarar, innhaldsskaparar, gamerar og andre som opererer på tvers av ulike plattformer.

Mange av dei norske media har derfor lagt opp ein strategi der dei prøver å produsere innovativt innhald som appellerer til unge, og gjer det tilgjengeleg der dei unge ønskjer å finne det.

Auka konkurranse om tid og pengar

Den norske mediebransjen seier sjølv at konkurransen har endra seg frå eit NM til eit VM. I dag konkurrerer dei med alle, og det blir Davids kamp mot Goliat – både når det gjeld å produsere innhald og gjere det tilgjengeleg, og når det gjeld inntekter.

Sjølv om den norske mediebransjen hadde klart å tilby det beste innhaldet i verda, hadde det vore fare for at få hadde oppdaga det. Dessutan taper den norske mediebransjen store annonseinntekter til teknologigigantane Alphabet (tidlegare Google) og Meta (tidlegare Facebook).

Konkurransevilkåra har endra seg, og det kjem tydeleg fram ved at dei globale aktørane i liten grad må betale skatt i Noreg. Dette har gjort at den norske mediebransjen er tvinga til å endre sine eigne forretningsmodellar for å prøve å halde følgje.

Svekt journalistikk og tilgang på informasjon

Sjølv om den digitale utviklinga har gjort det enklare for deg og meg å ytre oss og få tilgang til informasjon, fryktar medieforskarane at informasjonsfridommen vår, kvaliteten på journalistikken og dei demokratiske funksjonane i det norske samfunnet blir svekte av utviklinga.

Drivkrafta her er svekkinga av økonomien til dei . Medieforskarane fryktar òg at det kan oppstå informasjonskløfter i det norske samfunnet mellom dei som er informerte, og dei som ikkje søkjer informasjon.

Tenk over

Medieutviklinga stiller større krav til .

Korleis kan du vere ein aktiv og medviten mediebrukar?

Kjelder

Aalen, I. & Iversen, M.H. (2021). Sosiale medier. Fagbokforlaget.

Kalsnes, B. & Pettersen, L. (2019). Algoritmer, analysedata og automatisering i det digitale medielandskapet – en avkledningsmanøver. Norsk medietidsskrift, 26(01), 1–10.

Karlsen, R., Enjolras, B., Ihlebæk, K., Beyer, A., Steen-Johnsen, K. & Sundet, V. S. (2021). Digitalisering og medienes samfunnsrolle. Hovedfunn fra prosjektet Disruptive Change and New Media Policies: A Field Approach. Institutt for samfunnsforskning. https://hdl.handle.net/11250/2781427

NOU 2017: 7. (2017). Det norske mediemangfoldet. En styrket mediepolitikk for borgerne. Kulturdepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2017-7/id2541723/

Sundet, V. S. (2021, 23. november). Hvordan skal NRK engasjere et ungt publikum? Unge som "innfødte" i en global mediekultur. Innlegg presentert for Kringkastingsrådet, Oslo.

Sundet, V. S. og Lüders, M. (2021, 26. august). Unge som innfødte i en global mediekultur? Innlegg presentert ved Medietrender Ung 2021, Oslo.

Skrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 20.12.2021