Undersøk unge sin kritiske mediekompetanse - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Undersøk unge sin kritiske mediekompetanse

Kor medvitne er ungdommar om korleis dei bruker mobiltelefonen? Besøk ein ungdomsskuleklasse og fortel om kva ein agent i eigen mediekvardag er. Bruk kodekammeret Hekta? til å styrke den kritiske mediekompetansen til elevane.

Arbeidsoppdrag

I dette arbeidsoppdraget skal de auke den kritiske mediekompetansen i ein ungdomsskuleklasse. De ønsker å få kvar enkelt elev til å bli agent i eigen mediekvardag.

  1. Ta kontakt med ein ungdomsskule i nærleiken og gjer avtale om å få komme på besøk i ein klasse.

  2. Set dykk godt inn i ressursane under. De må rekne med å bruke tid både på skulen og heime for å komme dykk igjennom alle oppgåvene.

    Oppgåve: Agent i eigen mediekvardag

    Oppgåve: Hekta? Eit kodekammer om den digitale kvardagen din

  3. Lag ein plan for timane, sortar inn og ut oppgåver de vil og ikkje vil ha med. Be læraren dykkar om å godkjenne planen. Tilpass planen dersom det er nødvendig. Nokre innspel:

    • Introduser uttrykket "agent i eigen mediekvardag"

    • Organiser og hjelp elevane til å løyse oppgåvene i "Hekta? Eit kodekammer om den digitale kvardagen din". Pass på tida!

    • Kom gjerne tilbake til uttrykket "agent i eigen mediekvardag" til slutt i økta. Fekk elevane lyst til å bli agentar i eigen mediekvardag?

  4. Gjennomfør opplegget. Dokumenter korleis opplegget gjekk.

    • Fekk de gjennomført planen?

    • Korleis var engasjementet til elevane?

    • I kva grad fekk elevane forståing for og lyst til å vere agent i eigen mediekvardag?

  5. De er tilbake i eigen klasse. Del erfaringar. Kva var morosamt eller interessant, kva var utfordrande? Gjekk det slik de hadde tenkt? Ville elevane bli agent i eigen mediekvardag? Fekk de styrkt elevane sin kritiske mediekompetanse?

Relatert innhald

Fagstoff
Kva er kritisk mediekompetanse?

Kritisk mediekompetanse handlar om å kunne stille kritiske spørsmål til alt som har med media å gjere: produksjon, språk, representasjon og publikum.

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2023