Etisk bruk av KI i mediebransjen - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Etisk bruk av KI i mediebransjen

Bruk av kunstig intelligens er på full fart inn i mediebransjen. Det reiser fleire etiske problemstillingar, og mange etterlyser eit etisk regelverk.
Video: Lisa Reutter / CC BY-NC-ND 4.0

Oppgåve 1. KI og etiske problemstillingar

Sjå Lisa Reutters foredrag om kunstig intelligens. Noter etiske problemstillingar som dukkar opp undervegs i foredraget.

Dersom du vil dykke djupare ned i etiske problemstillingar, kan du lese desse artiklane:

Oppgåve 2. Rollespel og klassediskusjon

Del klassen inn i mindre grupper. Kvar gruppe førebur eit rollespel som illustrerer ei etisk problemstilling eller eit etisk dilemma som kan oppstå når kunstig intelligens blir teken i bruk i profesjonell mediekommunikasjon. Sjå forslag til problemstilling lenger nede.

Førebu dykk ved å lese dei følgande artiklane:

Rollespelet bør vare i maksimalt to minutt. Det viktigaste er å få tydeleg fram problemstillinga. De kan eventuelt òg ta med korleis problemstillinga kan møtast på ein etisk forsvarleg måte av folk som jobbar i mediebransjen.

Problemstillingar om KI i medieproduksjon

  • bruk av bilete laga ved hjelp av kunstig intelligens i reklame

  • effektivisering ved hjelp av KI-verktøy som skriv nyheitsmeldingar

  • bruk av algoritmar som triggar unge til å kjøpe produkt på nett

  • bruk av tekstrobotar til å utarbeide nye filmmanus

Gjennomfør rollespela med resten av klassen som tilskodarar.

Diskuter deretter i plenum korleis mediebransjen bør forhalde seg til desse problemstillingane.

Oppgåve 3. Lag eit etisk regelverk

Bli samde om ti etiske reglar som bør gjelde for bruk av kunstig intelligens i mediebransjen. Skriv opp desse reglane på tavla.

Relatert innhald

Fagstoff
Innovasjon og ny medieteknologi

Innovativ medieteknologi får konsekvensar for mediebruken vår. Medieteknologien er i stadig endring, og dette påverkar både individet og samfunnet.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 10.05.2023