Innovasjon og ny medieteknologi - Mediesamfunnet 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Innovasjon og ny medieteknologi

Medieteknologi blir brukt på nye og innovative måtar, og dette påverkar både samfunnsutviklinga og kvar enkelt av oss. Innovativ og avansert medieteknologi skaper moglegheiter og utfordringar.

Kunstig intelligens er eit døme på ein innovativ teknologi som kan få mykje å seie i framtida, både for enkeltindivid og for samfunnet. Video: Film_konsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Kva er innovasjon?

[...] innovasjon betyr å skape noe nytt – til det bedre. En innovasjon, vurdert i ettertid, kan med andre ord kjennes igjen som en nyvinning som har bidratt til å skape en merkbar forbedring på et bestemt område (Civita, 2019).

Innovasjon betyr å fornye eller å skape noko nytt. Innovasjon er ikkje berre ein idé eller ei oppfinning, men noko som blir gjennomført i praksis.

Innovasjon innanfor medieteknologi famnar breitt, og vi finn døme på fornying og nyskaping på mange ulike område, til dømes i utviklinga av kunstig intelligens eller av nye og forbetra produkt, som nye appar og ny programvare.

Ulike typar innovasjonar

Radikale innovasjonar bryt med det eksisterande og tradisjonelle. Vellykka disruptive innovasjonar har stor endringskraft og kan snu opp ned på heile bransjar. Radikale innovasjonar kan skape nye spelereglar og endre system. Facebook og Apples iPhone er døme på radikale innovasjonar som har fått store følger for både individet og samfunnet.

Inkrementelle innovasjonar kan beskrivast som forbetringar av noko eksisterande, og inkrementelle innovasjonar er meir moderate enn radikale innovasjonar. Eit døme er vesentlege fornyingar og forbetringar av eksisterande produkt og tenester, som ein ny versjon av ei programvare. I mediebransjen er det ofte dei store, etablerte aktørane som står for inkrementelle eller gradvise innovasjonar.


Digitalisering og mediekonvergens

For å kunne forstå korleis medieteknologi blir brukt på nye og innovative måtar, bør du kjenne til omgrepet mediekonvergens.

Mediekonvergens er eit viktig trekk ved den digitale medieutviklinga. Mediekonvergens kan forklarast som samansmelting av ulike medium og teknologiar. Denne utviklinga påverkar mediebransjen på fleire måtar.

Når medium konvergerer, vil medieinnhaldet endre seg, både kvalitativt og kvantitativt. Medieinnhald blir publisert på fleire plattformer, og det blir utvikla hybridsjangrar som kombinerer element frå ulike medium. Med internett som ein felles base har nye sjangrar henta mange former frå kvarandre dei siste åra.

Innovativ mediebransje

Mediebransjen legg store ressursar i produktutvikling og innovasjon, og det blir stadig utvikla nye konsept. For å kunne dekke behovet til mediebrukarane i framtida må mediebransjen tenke nytt og bygge kompetanse, der innovasjon og nyutvikling står sentralt.

Innovasjon i mediebransjen inneber òg effektiviseringar og omstruktureringar for å få ned kostnadene. Mediekrisa har fått store konsekvensar dei siste åra – redaksjonane har blitt tappa for ressursar, og mange journalistar har mista jobben.

Mediebransjen har vore avhengig av å finne nye forretningsmodellar som fungerer. Dei fleste nettavisene tek seg no betalt for innhald på nett, og avisene har innført ulike modellar for betalingsløysingar.

Eit anna døme på innovasjon er innføringa av ny teknologi for å forhindre mobbing på Instagram. Den nye medieteknologien kan ha direkte innverknad på mediebruken din. Ved hjelp av kunstig intelligens blir kommentarar som kan bli oppfatta som mobbing, filtrerte ut.

Kunstig intelligens – AI/KI

Innovativ og avansert medieteknologi kan brukast på mange område. Kunstig intelligens er eit døme på innovativ teknologi som kan få stor betydning i framtida, både for enkeltindividet og for samfunnet. AI er ei forkorting for det engelske uttrykket "artificial intelligence" (kunstig intelligens). AI, eller KI, som vi seier på norsk, blir sagt å vere ein medieteknologi som kan revolusjonere datamaskina, bidra til verdiskaping og forbetre offentlege tenester.

Kunstig intelligens kan òg brukast til å analysere ansikt. Presis og automatisert ansiktsattkjenning gir mange moglegheiter. Teknologien kan til dømes erstatte passord, og han kan brukast til betaling og i tryggingsarbeid. Teknologiutviklinga går raskt, og bruksområda blir stadig fleire.

Teknologien gir òg moglegheiter for at ansiktsattkjenning kan brukast til masseovervaking. Kapasiteten er enorm, og systema kan analysere mange ansikt på kort tid.

Bruk av ny medieteknologi i ein pandemi

I 2020 opplevde vi ein verdsomspennande pandemi. Covid-19-viruset fekk enorme konsekvensar, og innovative løysingar vart utvikla i kampen mot viruset. Mellom anna vart nye automatiserte teknikkar for datainnsamling brukte til smittesporing.

Samtidig vart sosiale medium og kunstig intelligens brukt for å nå ut med informasjon til befolkninga. Verdshelseorganisasjonen oppretta mellom anna ei WhatsApp-gruppe og ein chatbot (praterobot). Ein chatbot kan beskrivast som ei programvare der du kommuniserer i eit chatgrensesnitt. Dette gav Verdshelseorganisasjonen høve til å nå ut til over to milliardar menneske på kort tid.

Digital teknologi og kriminalitet

Teknologi og kunnskap blir brukt på nye og innovative måtar og på mange område. Men digital teknologi skaper ikkje berre moglegheiter, det skaper òg mange nye utfordringar. Vi er stadig meir avhengige av internett, og i kombinasjon med ny og avansert teknologi gjer dette oss sårbare for til dømes datakriminalitet.

Datakriminalitet kan vi definere som straffbare handlingar der det blir brukt datateknologi.

Datakriminalitet kan delast i tre undergrupper:

  • endring og sletting av data
  • urettmessig innsyn i og bruk av data (tapping)
  • ulovleg bruk av datautstyr

Hausten 2020 vart Stortinget utsett for eit omfattande IT-angrep. Angrepet ramma både tilsette og stortingsrepresentantar. Datahackarane rakk å hente ut informasjon frå fleire e-postkontoar før angrepet vart oppdaga. Dei som blir utsette for slike angrep, kan oppleve utpressing og identitetstjuveri. Les meir om hackarangrepet på Stortinget hos Dagsavisen.


Kjelder

Elden, J.C. & Sulland, F. (2015, 29. desember). Datakriminalitet. I Store norske leksikon. https://snl.no/.versionview/630549

Civita. (2019, 7. februar). Hva er innovasjon? https://www.civita.no/politisk-ordbok/hva-er-innovasjon

Barland, M. (2020, 18. februar). Ansiktsgjenkjenning og personvern. Teknologirådet. https://teknologiradet.no/publication/ansikts-gjenkjenning-og-personvern/

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Konsekvensar av djupfeikar

Korleis kan djupfeikar (deepfakes) brukast til å påverke deg og vennene dine? I denne oppgåva skal du sjå nærare på djupfeik-teknologien.

Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 21.12.2020