Hopp til innhald
Fagartikkel

Propagandaverksemd under 1. verdskrigen

Propaganda og psykologisk krigføring var viktige våpen under 1. verdskrigen. Engelskmennene brukte propaganda til å mobilisere befolkninga. I USA blei alle tilgjengeleg medium tekne i bruk i krigspropagandaen.

Krig med ord og bilete som våpen

Den moderne psykologiske krigføringa blei utvikla under første verdskrigen. Slike verkemiddel blei svært viktige i dei politiske konfrontasjonane og krigane som fann stad mellom dei europeiske landa i første delen av 1900-talet.

Militærstrategane oppdaga at propagandaavdelingane var vel så viktige som innsatsen til dei militære troppane på slagmarka. Ein såg at medviten manipulering med ord og bilete forma haldningane til og oppfatninga av fienden, i tråd med det styresmaktene ønskte.

Engelskmennene var dyktigast

Engelskmennene var dei dyktigaste i propagandakrigen. I utgangspunktet var ikkje alle i det britiske samfunnet samde i synet på krigen. For å skape ei sams haldning og massiv forsvarsvilje gjaldt det å overtale og presse dei motviljige. Ein laga derfor historier om dei ville «hunarane» som fór barbarisk og umenneskeleg fram då dei invaderte Belgia og Frankrike.

War Propaganda Bureau formidla mykje propaganda til dei nøytrale landa for å vinne dei til saka si, og opinionen i desse landa blei sterkt påverka, mellom anna i Noreg, der avisene blei fôra med skrekkhistorier om den tyske krigføringa. Hovudtemaet i den engelske propagandaen var at dei allierte kjempa ein krig for å «gjere slutt på alle krigar». Dei kjempa for demokratiet; tyskarane kjempa for militærstaten.

Amerikanarane tek alle medium i bruk

Amerikanarane kom først inn i krigen i 1917, men dei nytta då alle tilgjengelege ressursar i krigføringa si. Leiaren for den amerikanske propagandaen, George Creel, uttrykte det på denne måten i boka si How we advertised America: «Vi såg på konflikten som ein kamp om medvitet til folk, for å vinne folket si overtyding.» Fronten gjekk gjennom alle amerikanske heimar, og Creel tok oppgåva som ein gigantisk reklamekampanje, «verdas største reklameeventyr».

Creel og mennene hans lukkast. Aldri før hadde USA opplevd ein tilsvarande kampanje i omfang og intensitet. Alle tilgjengelege medium blei trekte inn, og krigsbodskapen blei gjennomført i presse og film, plakatar og brosjyrar.

Over 150 000 medarbeidarar jobba med propagandaen. Det blei skapt ein krigspsykose som var sterkare enn alt ein tidlegare hadde opplevd, og det var farleg å vere av tysk opphav i USA.

Tyskarane var amatørar

Den tyske propagandaen verka amatøraktig i høve til den amerikanske og engelske. Etter krigen såg mange tyskarar på si eiga manglande psykologiske krigføring som ein av hovudgrunnane til krigstapet.

Tyskarane greidde aldri å skape noka forståing for dei politiske motiva dei hadde i krigen, og deira eigen propaganda drukna fullstendig i den mykje meir effektive engelske påverknaden. Dei fascistiske og nazistiske organisasjonane som vaks fram i etterkrigstida, tok lærdom av dette.

Skrive av Jostein Saakvitne. Rettshavar: Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 28.02.2018