Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Propaganda i moderne krigføring

I krig kjempar partane om å definere sanninga. Å peike ut ein motstandar som "vond" gir eit moralsk overtak og gjer det lettare å mobilisere støtte i eiga befolkning og hos allierte. Å øve påverknad på haldningane til sivilbefolkninga blir i militær terminologi kalla for psykologiske operasjonar.

Krig i og mellom statar

Krigar kan utkjempast mellom statar, men òg mellom ulike grupperingar internt i ein stat. Det siste kallar vi borgarkrig. I nokre statar herskar det ein krigsliknande tilstand mellom ulike grupper i befolkninga som står sterkt mot kvarandre.

Historisk sett er krig ein kamp mellom militære styrkar, slik vi kjenner det frå historiebøkene. Men i vår tid er stadig fleire krigshandlingar retta mot sivilbefolkninga. Terror mot sivile blir brukt til å tvinge fram politiske løysingar, slik vi mellom anna har sett i Afghanistan, Irak, Syria og Jemen.

Forsøk på å påverke haldningane til sivilbefolkninga blir i militær terminologi kalla for psykologiske operasjonar. I mediefagleg samanheng kallar vi det eller psykologisk krigføring.

Blir den neste krigen ein cyberkrig?

Krigføring på internett blir kalla for cyberkrig. Ved hjelp av nettangrep er det til dømes mogleg å slå ut straumforsyninga og slik totalt lamme infrastrukturen i eit land. Ein fiende kan òg hacke til seg sensitiv informasjon som kan brukast til sabotasje på viktige installasjonar og institusjonar, eller til utpressing av personar i maktposisjonar.

Ifølge Forsvaret er militært cyberforsvar i dag like viktig som tradisjonell forsvarsinnsats på land, på sjø og i lufta.

Desinformasjon og demonisering av fienden

Styresmakter og rivaliserande grupper bruker i dag psykologar og ekspertar på marknadsføring til å leie arbeidet med psykologiske operasjonar. Propaganda som tillegg fienden vondskapsfulle eigenskapar og løynde motiv, er eit velkjent grep.

Det er òg vanleg i krig og konfliktar å spreie om fienden. Den teknologiske utviklinga har i dag gjort det mogleg å lage avansert desinformasjon () som det kan vere vanskeleg å avsløre.

Diskreditering av motstandarar blir òg brukt som våpen i rivalisering mellom grupper i eit samfunn, utan at det offisielt har brote ut krigshandlingar. I dag spreier høgreekstreme grupperingar konspirasjonsteoriar og falske nyheiter i stadig større omfang i eit aktivt arbeid for å svekke tilliten borgarane har til styresmakter, redaksjonelle medium og det demokratiske systemet.

Eit døme er QAnon-rørsla, som hevdar at den politiske eliten består av pedofile djeveldyrkarar som bortfører og misbruker små barn. Tilhengarar av slike konspirasjonar stemplar all motstand som eit forsøk på knebling og sensur.

Underhaldningsindustrien bygger opp under propaganda

I det moderne mediesamfunnet speler underhaldningsindustrien ei viktig rolle når det gjeld å påverke haldningar og verdiar. Filmane om James Bond er gode døme på korleis fiendebilete over tid blir forma og endra i takt med politiske klimaendringar i verdspolitikken.

Slike stereotype førestillingar om at verda består av gode og vonde nasjonar, gjer det enklare for styresmaktene å mobilisere opinionen når det er nødvendig.

Media si rolle i den kalde krigen og krigane i Irak

Den kalde krigen er nemninga på ei rekke konfliktar mellom supermaktene USA og Sovjet og deira allierte i tiåra etter andre verdskrigen. Aktiv bruk av propaganda var viktig for å vinne fotfeste og makt i nøytrale delar av verda. Men nærgåande tv-reportasjar frå krigen i Vietnam skulle føre til ei massiv endring i den amerikanske og europeiske opinionen, noko som igjen førte til eit folkekrav om å avslutte krigen.

Golfkrigen i 1991 viste at dei amerikanske militære leiarane hadde lært leksa frå Vietnam, og denne gongen bestemde dei at mediedekninga skulle skje på premissane til det militære. Denne krigen er eit godt døme på medviten og gjennomført bruk av internasjonale nyheitsmedium til propagandaføremål.

Med den allierte invasjonen i Irak i 2003 vart uttrykket embedded journalism for alvor aktuelt. Det betyr at journalisten får fotfølge soldatar på oppdrag. Sett på spissen kan ein seie at ein heil verdsopinion slik vart dirigert og styrt av dei militære. Døme på embedded journalism:

MediaStorm: The Marlboro Marine

Propaganda i møte med kritisk journalistikk

Eit døme på korleis propaganda kan brukast i krig, er militære spionbilete som USA i 2003 presenterte for FN som "bevis" på at Irak i all løynd planla å produsere atomvåpen. Bileta legitimerte USAs og Storbritannias militære angrep på Irak i 2003.

Kritiske journalistar avslørte etter kvart at dei såkalla bevisa var fabrikkert propaganda, men då hadde både Storbritannia og fleire Nato-land, mellom anna Noreg, allereie slutta seg til krigen.

Ein annan utfordrar til militær propaganda er varslarnettstaden WikiLeaks under leiing av Julian Assange. WikiLeaks vart lansert i 2007 og samarbeidde då med nokre av dei leiande avisene i verda, som Le Monde, El País, The Guardian og Der Spiegel. Målet var å avsløre og publisere informasjon som styresmaktene valde å halde hemmeleg for borgarane, og samtidig sørge for at kjeldene vart haldne anonyme.

Propaganda i terrorteneste

Propaganda blir òg brukt av terrororganisasjonar som ønsker å rekruttere medlemmer og skape splid i befolkinga. Ved hjelp av profesjonelt laga propaganda greidde Den islamske staten (IS) i 2014 å lokke ungdommar frå heile Europa til å slutte seg til "kalifatet" – eit utopisk idealsamfunn.

Skrive av Jostein Saakvitne og Ragna Marie Tørdal. Rettshavar: Høgskolen i Bergen.
Sist oppdatert 18.02.2022