Propaganda og psykologisk krigføring - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Propaganda og psykologisk krigføring

Propaganda er å bevisst manipulere folk sine kjensler og tankar for å få dei til å meine eller gjere bestemde ting. Propaganda blir brukt i krig for å mobilisere innbyggjarane til kamp og for å svekkje fienden. Propagandaen skaper fiendebilete som er lette å hate.

Kva er propaganda?

Omgrepet propaganda blir i vår tid brukt om planlagd manipulering av kjensler og tankar ved hjelp av sterke verkemiddel med det siktemålet at menneske skal oppfatte ting og handle på fastsette vis.

Propaganda og psykologisk krigføring

Propaganda er ein viktig del av all krigføring. Til alle tider har det vore viktig å svekkje fienden sin moral, på same måte som ein heile tida må styrkje moralen i eigne rekkjer. Bakgrunnen for psykologisk krigføring er ideen om å vinne krigen ved å øydeleggje motstandaren sin vilje til å slåst.

Propaganda blir ikkje berre brukt i krig. Men i ein krigssituasjon vil propagandaen bli mykje tydelegare, og verkemidla blir sterkare enn når krigen berre går føre seg med psykologiske våpen.

Konstruerte fiendebilete

Når vi ser på måten fienden blir framstilt på i krigstid, blir vi overraska over kor primitiv vi synest denne propagandaen er i dag. Det er då viktig å hugse på dei historiske rammene, eller den konteksten propagandaen er ein del av. I krig dyrkar og framhevar ein stereotypane.

Tyskarane blir vonde menneske med brutale ansiktstrekk, japanarane er skeivøygde gulingar som drep alle på sin veg. I alle krigar er det viktig å skape eit bilete av fienden som umoralske, vonde og umenneskelege.

Slik sett blir propagandaen svært tidsavhengig. Plakatar og propagandafilmar misser med ein gong verdien når krigen er over, og folk må lære seg nye haldningar.

På same måten som ein måtte endre biletet av tyskarar og japanarar då andre verdskrigen var slutt, måtte folk i Vesten på 1990-talet lære at den tidlegare hovudfienden i den kalde krigen, russarane, ikkje var fiende lenger. Derimot oppstod snart nye fiendebilete, ikkje minst etter 11. september 2001.

Profesjonelle produsentar

Psykologane står sentralt både i utviklinga av moderne reklame og utforminga av propagandakampanjar. I begge tilfelle gjeld det å påverke og overtyde, skremme og overtale.

Utviklinga av dei moderne massemedia har ført til at propagandametodane har endra seg, men prinsippa er dei same gjennom heile historia. Ein kan bruke propaganda i alle tilgjengelege medium, alt frå kviskrekampanjar (effektivt nytta av motstandsrørsla i Noreg og Goebbels i Tyskland) til spreiing av desinformasjon gjennom elektroniske medium.

Skrive av Jostein Saakvitne. Rettshavar: Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 13.04.2018