Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Munnleg-praktisk oppgåve om krig og menneskerettar

I dette arbeidsoppdraget skal du og medelevane dine laga ein haldningsskapande video om menneskerettar i krig. Samtidig får de øvd dykk på å løyse ei munnleg-praktisk eksamensoppgåve.

Målet med denne oppgåva er

  • å vise at du kan planleggje, utvikle og presentere ei medieforteljing i samarbeid med andre

  • å vise at du kan tileigne deg informasjon frå ulike kjelder, og at du kan gi att og gjenbruke andre sitt innhald på korrekt måte

  • å fremje ditt syn på menneskerettar i krig og setje dagsordenen for kva medelevane dine er opptekne av

  • å øve på å løyse ei munnleg-praktisk eksamensoppgåve

Arbeidsoppdrag

Brot på menneskerettar skjer ofte i samband med krig og konfliktar. I dette arbeidsoppdraget skal de lage ein haldningsskapande video som set søkjelys på dette problemet.

Målgruppa er elevar på skulen dykkar.

Videoen skal ha ei lengd på maks fem minutt og innehalde stillbilete, ulike former for lyd, grafiske eller tekstlege framstillingar av statistiske data og dessutan intervju med både ein flyktning/asylsøkjar og ein hjelpearbeidar.

Arbeidsoppdraget skal løysast gjennom samarbeid i mindre grupper.

For å få inspirasjon kan de sjå Marte Valles musikkvideo Menneska (2019) nedanfor. Filmen handlar om flyktningar på Lesvos og er regissert av Lars Petter Gallefoss.

Research og planlegging

I research-fasen skal de setje dykk grundig inn i følgjande dokument:

Gjennomføring

Bli einige om temaet for haldningskampanjen og korleis temaet skal og . Fordel arbeidet i gruppa.

  • Lag eit filmmanus over det de vil ha med i videoen.

  • Finn fram aktuelle stillbilete. Les inn monologar og finn aktuell bakgrunnsmusikk. Legg vekt på å bruke stillbilete og musikk som det er lov å dele, til dømes med -lisens, og hugs å kreditere opphavspersonane.

  • Gjer avtale om intervju med aktuelle personar, og gjer opptak av intervjua. Dersom det er vanskeleg å møtast fysisk, kan de gjere skjermopptak frå ein videosamtale.

  • Lag ei grafisk framstilling av statistiske data de vil bruke i videoen, eller bruk tekstfunksjonen i videoredigeringsprogrammet til å lage tekstplakatar.

  • Rediger dei ulike elementa saman til ei samanhengande videoforteljing som har som føremål å opplyse og å skape empati og engasjement blant medelevar.

  • Del den haldningsskapande videoen på intranettet eller den digitale læringsplattforma til skulen.

Eigenvurdering og refleksjon

Lag til slutt kvart dykkar individuelle refleksjonsnotat, der de vurderer prosessen og produktet.


Relatert innhald

Fagstoff
Videoproduksjon

Kunnskap om forarbeid, bilete, kamera, komposisjon, biletutsnitt, lyd, sjanger, klippeteknikk og redigering er viktig når du skal lage ein videoproduksjon.

Fagstoff
Haldningskampanjar

Målet med haldningskampanjar er å påverke haldningar og åtferd hos bestemte målgrupper. Kampanjane speler på retoriske verkemiddel for å påverke oss.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 01.11.2021