Videoproduksjon
Kamera rullar om 3–2–1, køyr! Det kan vere at du skal lage ein film eller delta i ein liveproduksjon eller fleirkamera. Kunnskap om forarbeid, kamera, komposisjon, biletutsnitt, lyd, sjanger, klippeteknikk og redigering er viktig i ein videoproduksjon.

Du kan lage film både med enkle og meir avanserte filmkamera. Det er viktig å gjere eit godt forarbeid, ein grundig jobb på filmsettet og å leggje tid i etterarbeidet når du jobbar med videoproduksjon. Bilete: David Muscroft / CC BY-NC-SA 4.0