Alminneleggjering og annleisgjering av religion

Jobb gjerne saman to og to med desse oppgåvene.
1. Forklar omgrepa
Les artikkelen "Religion og medialisering".
Ifølge sosiologen Ann Kristin Gresaker bidreg populærkulturen både til å alminneleggjere og til å annleisgjere religionen.
Kva legg ho i desse omgrepa?
2. Religion i skrekkfilmen Eksorsisten
Den berømte skrekkfilmen Eksorsisten (1973) handlar om ei lita jente som blir besett av demonar, og viser korleis religiøse leiarar praktiserer djevleutdriving.
Les om Eksorsisten på Filmweb. Det finst òg klipp frå filmen på YouTube.
Representerer denne filmen ei alminneleggjering eller ei annleisgjering av fenomenet religion? Grunngi svaret med døme.
3. Religion og populærmusikk
Studer scenebiletet av svartmetallbandet Satyricon.

Kva er ein satyr, og kvar er førestillinga om satyrar henta frå?
Kvifor har bandet teke namnet Satyricon, trur du?
Representerer musikken og måten dei opptrer på på scenen, ei alminneleggjering eller ei annleisgjering av fenomenet religion? Grunngi svaret med døme.
4. Prinsessa og sjamanen
Sjaman Durek Verrett vart for alvor kjend i Noreg då han og prinsesse Märtha Louise lanserte foredragsturneen "The Princess and The Shaman". Durek Verrett kallar seg sjaman og kjem stadig med gode råd til følgarane sine på Instagram.

Forklar omgrepa sjaman og sjamanisme.
Les NRK-artikkelen "Kritisk til Verrett-video – meiner kongehuset bør gripa inn" frå 2023. Representerer Durek Verretts bodskap i sosiale medium ei alminneleggjering eller ei annleisgjering av religion? Grunngi svaret med døme.
Kvifor har prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett så mange følgarar på Instagram, trur du?
4. Debatt om religiøse ytringar og kritisk journalistikk
Les NRK-artikkelen "Märtha kuttar band med pressa" frå 2024.
Er kritikken Märtha Louise og Durek Verretts rettar mot norsk journalistikk, på sin plass?
Bør norsk journalistikk vere religionskritisk?
Bør journalistar vise toleranse i omtale av personar som gir uttrykk for utradisjonelle religiøse førestillingar?
Relatert innhald
I eit medialisert samfunn bidreg media til å forme og endre religiøse førestillingar og religiøs praksis.