Medialisering og kultur - Podkastoppgåve: Religion i media - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Medialisering og kultur

Oppgåve

Podkastoppgåve: Religion i media

I podkasten under møter vi to dialogpilotar som snakkar om korleis dei opplever at dei respektive religionane deira blir framstilte i media. Nedst finn du oppgåver.
Raud notatbok med papir stikkande ut. I forgrunnen står teksten "Helt personlig". Foto.
Heilt personleg

Islam og kristendommen i media

Media speler ei viktig rolle i kvardagen til dei fleste av oss, anten vi les på nett, ser på TV eller får nyheiter som varsel på telefonen. Men korleis er det å høyre om noko som står ein nært, og som...

0:00
-0:00
Podkast: Både Og / CC BY-SA 4.0

1. Oppsummering

  1. Samanfatt det dei seier om presentasjonen av høvesvis kristendommen og islam i media.

  2. Kva tema seier dei at media pleier å ta opp når dei omtaler kristendommen og islam?

  3. Kva tema seier dei at dei saknar i media si framstilling av kristendommen og islam?

2. Reflekter

  1. Stemmer inntrykket dei formidlar med korleis du opplever representasjonen av dei to religionane i media?

  2. Korleis er media med på å bestemme inntrykket av ein religion gjennom val av tema?

  3. Kvifor kan det vere eit problem at religiøse opplever at religionen blir feil representert i media?

  4. I kva grad bør religiøse grupper få vere med å påverke korleis dei sjølv blir framstilte i media?

  5. Mustafa og Hanna snakkar om at dei bli sette i båsar. Kva meiner dei med det? Er skildringane av båsane noko du kan kjenne igjen frå media?

  6. Ifølgje Mustafa har media ein tendens til å fokusere på kultur (til dømes matskikkar) når dei framstiller innvandrarar positivt, mens dei fokuserer på religion (til dømes påbod og sosial kontroll) når dei framstiller innvandrarar negativt. Kvifor trur du han opplever media si framstilling på denne måten?

  7. Hanna blir rekna som ein del av den religiøse majoriteten i Noreg, mens Mustafa blir rekna som ein del av ein minoritet. Meiner du at kristendommen blir framstilt på ein annan måte enn minoritetsreligionane i media? Grunngi.

3. Formatering

I artikkelen om religion i media snakkar vi om formatering av religion ved hjelp av stikkorda forsterke, fortelje og forankre. Kan formateringa vere med på å forklare opplevingane dialogpilotane har av religion i media? Bruk gjerne skjemaet i fila under til hjelp.

Skrive av Karen Marie Halden.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2022