Lag videosnuttar med gledestips - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Lag videosnuttar med gledestips

No skal du lage korte videosnuttar med mål om å skape og spreie glede blant ungdomsskuleelevar.

Det kan vere lett å kjenne på det som er tungt og vanskeleg, og det kan forsterke seg dersom vi tenker mykje på det ein periode. Kva om vi prøver å tvinge fram gleda og positive tankar?

La deg gjerne inspirere av videoen over før du går i gang med oppdraget.

Oppdragsgivar: kommunen din
Målgruppe: ungdomsskuleelevar

Oppdrag: Lag gledesvideoar

Du skal få ungdomsskuleelevar til å setje glede og positive ting i fokus. Bruk verkemiddel som passar til dei. Skap videoar som kan gi likerklikk og delingar i sosiale medium, og som dessutan kan bidra til meir smil og glede på ungdomsskulane. Jobb først med ein open idéfase, pitch fleire idéar, og lag to ferdige filmar.

Oppdrag 1: Pitch

Pitch idéar, emneknaggar og formspråk til minst tre videoar med gledestips. Pitchen skal vare i tre til fem minutt. Sjå for deg at du skal presentere idéane dine for ein person frå kommunen, ein avdelingsleiar ved ungdomsskulen og tre ungdomsskuleelevar.

Oppdrag 2: Lag to postar med videoar

Videoane skal vare i om lag 30 sekund kvar, ha nokre likskapar seg imellom og klargjerast for deling på minst to ulike sosiale medium som ungdomsskuleelevane bruker. Du skal produsere innlegga med tekst, emneknaggar og ein publiseringsklar video.

PS: Å bruke QR-kodar for å dele desse korte videoane kan vere ein god og effektiv måte å spreie bodskapen på.

Skrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 04.01.2022