Ørkenblomsten (Desert Flower) - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Spillefilm

Ørkenblomsten (Desert Flower)

Ørkenblomsten er den sterke historia om Waris Dirie, som kom frå ingenting på landsbygda i Somalia og no er internasjonal supermodell og talskvinne for FN.

Om filmen

Waris Dirie vart fødd på landsbygda i Somalia. Ho vart omskoren då ho var tre år, og gifta bort då ho vart 13. Etter kvart klarte ho å flykte til London.

Ho er analfabet og heimlaus i fleire år, fram til ho blir kjend med Marilyn som hjelper henne. Ho byrjar å lære seg språket og får jobb i ein fastfood-restaurant. Der blir ho tilfeldigvis oppdaga av stjernefotografen Terry Donaldson. Dette møtet skal forandre livet hennar.

Nokre år seinare er Waris internasjonal supermodell og FNs talskvinne mot omskjering av kvinner. Denne filmen er basert på hennar bestseljande sjølvbiografi.

Relatert innhald


Skrive av Tina Andersson og Ida Marie Stokkelien . Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.01.2021