Eigenvurdering for emnet medieforteljingar om kropp, helse og seksualitet - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Egenvurdering

Eigenvurdering for emnet medieforteljingar om kropp, helse og seksualitet

Alle menneske må handtere både medgang og motgang, men nokre har større utfordringar enn andre. Sjekk kva du har lært om korleis medieforteljingar kan gi innsikt i utfordringar knytte til kropp, etnisitet, seksuell orientering og psykisk helse.

Kva har du lært om medieforteljingar om kropp, helse og seksualitet?

Gå gjennom desse punkta og få oversikt:

  • Eg veit korleis eg analyserer ei medieforteljing.

  • Eg kan forklare korleis media si framstilling av kropp og etnisitet både kan utfordre og styrkje identiteten og sjølvbiletet til unge.

  • Eg forstår omgrepet seksuell orientering, og eg kan analysere og produsere medieforteljingar som aukar forståinga av seksuelt mangfald.

  • Eg veit kva pornografi er, og eg kan drøfte korleis pornografi påverkar identitet, kultur og kommunikasjon.

  • Eg kan forklare omgrepet minoritetsstress, og eg kan lage eigne tekstar som synleggjer korleis det er å oppleve minoritetsstress.

  • Eg veit kva psykisk helse inneber, og eg kan analysere og drøfte medieforteljingar om psykiske lidingar.

  • Eg forstår korleis medieforteljingar kan skape forståing av og respekt for det at menneske er ulike.

Sjekk om du kan desse fagomgrepa

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 23.03.2022