Hopp til innhald
Egenvurdering

Eigenvurdering for emnet krig, menneskerettar og propaganda

Korleis bør journalistar dekkje krig, terrorhandlingar og brot på menneskerettane? Korleis blir media brukte strategisk av partane i ein konflikt? Og korleis fortelje ei historie om krig og liding slik at ho rører ved noko i mottakarane og engasjerer dei? Vurder kva du kan om dette emnet.

Kva har du lært om medium i krig og konfliktar?

Gå gjennom desse punkta og få oversikt:

  • Eg veit kva problem journalistar møter når dei skal dekkje krigshandlingar, og kor farleg det er for journalistar å bevege seg inn i krigssoner.
  • Eg kjenner til innhaldet i FNs menneskerettsfråsegn, kvifor fråsegna sikrar retten til uavhengig journalistikk, og kvifor journalistikken har eit moralsk ansvar for å overvake at menneskerettane blir varetekne.
  • Eg kan drøfte etiske problemstillingar om bruken av stillbilete og levande bilete frå område herja av krig, terror og brot på menneskerettane.
  • Eg veit kva propaganda er, kva føremålet med propaganda er, og korleis propaganda blir formidla via sosiale og redaksjonelle medium.
  • Eg forstår korleis underhaldningsmedium kan vere med på å byggje opp stereotype fiendebilete og skape fordommar.
  • Eg kjenner til fleire medieforteljingar om krig og brot på menneskerettane, veit kva verkemiddel som blir brukte for å skape innleving, medkjensle og engasjement, og kan bruke desse verkemidla i mine eigne medieforteljingar.

Fagomgrep

fråsegn

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 02.11.2021