Analyser internasjonal nyheitsformidling - Fallskjermjournalistikk og lokal forankring - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Analyser internasjonal nyheitsformidling

Fagartikkel

Fallskjermjournalistikk og lokal forankring

Fallskjermjournalistikk er inga heidersnemning. Omgrepet blir brukt om internasjonal nyheitsformidling basert på overflatisk innsikt i kultur- og samfunnsforhold. Nyheiter frå land i sør blir ofte forenkla og generaliserte. Lokale fiksarar veit kva historier utanlandske medium er på jakt etter.

Kva er fallskjermjournalistikk?

Fallskjermjournalistikk (på engelsk: parachute journalism) er ei nemning på ein journalistikk som baserer seg på kortvarige nærvær i det området det blir rapportert frå. Nyheitsforteljingane ber gjerne preg av manglande innsikt i kultur- og samfunnsforhold.

Nokre krigskorrespondentar reiser frå krig til krig. Tilsynelatande er alle krigar like. Dei fleste nyheitsforteljingane frå fronten handlar om militære operasjonar, minelagde vegar, utbomba bygningar og desperate menneske på flukt.

Men bakgrunnen for krigen i Afghanistan er ein heilt annan enn bakgrunnen for krigen i Ukraina. Og framtidsutsikta til dei menneska som er på flukt, er svært ulik. Det gjeld også dei førestillingane innbyggjarane har om det gode livet og eit godt samfunn.

Reflekter saman med ein medelev

Kva bilete får de i hovudet når de høyrer ordet "fallskjermjournalistikk"?

Kjenner de til døme på slik journalistikk?

Journalistar og "fiksarar"

Utanrikskorrespondentar som er busette over lengre tid i det landa dei rapporterer frå, meistrar språket godt. Slik får dei ei djupare innsikt i kultur- og samfunnsforhold. Dersom ein journalist skal dekkje hendingar på eit heilt kontinent åleine, er han eller ho avhengig av medhjelparar.

Ser vi ein norsk utanrikskorrespondent som rapporterer frå ei internasjonal hending, står dei i TV-ruta tilsynelatande heilt åleine. Men slik er det ikkje. Med seg har journalisten ein fotograf, ein sjåfør og gjerne også ein "fiksar". Ofte er dette ein lokal journalist som meistrar språket og har eit nettverk med tilgang på kjelder. Fiksarar blir derfor brukt i alle typar oppdrag i område der korrespondenten ikkje sjølv er lommekjend.

Fiksarar blir også brukt i situasjonar der dei utanlandske reporterane opplever situasjonen som så farleg at dei sjølv vegrar seg for å oppsøkje hendingar. Orville Schell ved Berkeley School of Journalism uttrykkjer det slik:

What we are seeing now are fixers as surrogates […] they are the Seeing Eye Dogs, or rangers, for the men and women who can't safely go out and do the reporting themselves» (Witchel 2004).

Fiksarar er avhengig av fornøgde kundar

Ifølgje den egyptiske journalisten Dina Aboughazala (2021) er det eit problem at fiksarar etter ei stund blir godt kjend med kva intervjuobjekt utanlandske medium er ute etter. Dei sørgjer derfor for at journalistane får tilgang til nettopp denne typen kjelder, sjølv om andre kjelder kunne fortalt ei heilt anna historie. Fiksarar tenar nemleg godt på å ta slike oppdrag og er avhengig av fornøgde kundar.

Kvardagsforteljingane blir sjeldan fortalde

Dina Aboughazala påpeikar vidare at konsekvensen av at globale medieorganisasjonar baserer seg på fallskjermjournalistikk, er at vi sjeldan bli kjende med kvardagshistorier frå det globale sør.

Som døme nemner ho at ingen vestlege medium har snappa opp forteljinga om kvinneaktivistar i Syria, som hjelper unge jenter som har vorte overtalte til å dele seksualiserte bilete av seg sjølv i sosiale medium for så å bli utsette for utpressing. Tilsvarande hendingar i Noreg får brei omtale i norske medium.

Det kan kome av at forteljinga om dei syriske ungjentene passar dårleg inn i vestlege medium sin om muslimske kvinner i Midtausten. Reportasjar frå Syria og andre land i sør blir dessutan dominerte av meldingar om krig og konfliktar. At menneske også lever eit vanleg liv i slike land, får vi sjeldan høyre om.

Journalistikk, språk- og kulturforståing

Internasjonal nyheitsformidling frå land i sør er ofte forenkla og generaliserte, og tidvis basert på eit spinkelt og tilfeldig kjeldegrunnlag.

Mange nyheitsreportasjar fortel meir om tankar og førestillingar i det landet reporteren kjem frå, enn om det som faktisk skjer i det landa det blir frå rapportert.

Til ettertanke

Kva førestillingar om norsk kultur og norske styresmakter ligg til grunn for oppslaga i austeuropeisk presse om norsk barnevern?

Les artikkelen frå Transit magasin: Kampen mot det norske barnevernet: Konspirasjonsteorier blir brukt for å vise fram "landet som stjeler barn".

Mangelfull språkkompetanse skaper også problem. Emil Tveit, førsteamanuensis ved NHH og nyheitsomsetjar i TV 2, hevdar at mange internasjonale nyheitsinnslag som blir sende til TV-stasjonar og aviser verda over, ofte er fulle av feil. Mangelfulle språkkompetansar gjer at intervjua rett og slett er feil omsett.

Kva skjer når journalistar frå sør fortel historia?

Den egyptiske journalisten Dina Aboughazala meiner at kvaliteten på internasjonal nyheitsformidling er avhengig av at journalistar frå land i sør får moglegheit til å fortelje sine eigne historier. Det er slike historier som gir forståing for komplekse samanhengar og sosiale nyansar.

Eit døme på ein journalist med god kjennskap til språk og kultur er den norsk-afghanske journalisten Yama Wolasmal. Han har jobba som utanrikskorrespondent både for TV2, NRK og den kinesiske nyheitskanalen CCTV English.

Wolasmal kom til Noreg som flyktning frå Afghanistan i 1986. Han har seinare budd fleire periodar i landet foreldra flykta frå. Wolasmal har derfor god kjennskap til afghansk kultur og politikk, og snakkar (ifølgje Wikipedia) både pashto, dari, urdu og persisk.

Her rapporterer Yama Wolasmal på direktesendt fjernsyn frå den panikksituasjonen som oppstod då Taliban tok over Kabul i august 2021:
NRK i Kabul: – Utlendingene står i kø til flyplassen.

Sjå også reportasjen på NRK: "Taliban stoppet vitnemålsutdeling: – Vi er ekstremt lei oss for det som skjedde".

Kjelder

Aboughazala, D. (2021, 11. juli). It's time to put an end to 'parachute' journalism. Al Jazeera. https://institute.aljazeera.net/en/ajr/article/1659

Andresen, K., (2008). «Fikseren»: mer enn den usynlige hjelperen til journalisten? Norsk medietidsskrift. https://www.idunn.no/doi/full/10.18261/ISSN0805-9535-2008-02-06

Nøra, S. (2004, 28. mai). Kan man stole på nyhetene? NHH Paraplyen. http://paraplyen.prototypes.no/paraplyen/akiv/2004/mai/kan_man_st/

Witchel, E. (2004, 13. oktober). The Fixers. Dangerous assignment. Committee to Protect Journalists. https://cpj.org/reports/2004/10/fixers/

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 10.03.2022