Analyser internasjonal nyheitsformidling - Introduksjon - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Analyser internasjonal nyheitsformidling

Introduksjon

CC BY 4.0

Nyhetsstraumar kryssar landegrenser, og straumen går oftest frå nord til sør. Den som har makt til å definere nyheitsbiletet, har makt over opinionen.

Når du har jobba med denne læringsstien, skal du

  • kjenne til nokre internasjonale nyheitsaktørar
  • kunne vurdere internasjonale nyheitskriterium og reflektere over kva nyheiter som når fram til deg som mottakar
  • kunne avsløre og analysere korleis kulturbakgrunnen, kunnskapen og haldningane til avsendarane påverkar nyheitsdiskursen
  • kunne avsløre og analysere korleis vinkling, språklege metaforar og visuelle verkemiddel blir brukte til å påverke oppfatninga vår av det som skjer
  • å forstå korleis vestlege nyheitsaktørar påverkar forståinga vår av land i sør