Underhaldning - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Underhaldning

Vi bruker mykje tid i mediekvardagen vår på underhaldning. Underhaldning er innhald som først og fremst har som føremål å gi publikum ei emosjonell oppleving. Underhaldning består av medieuttrykk som er humoristiske, spennande eller estetisk tiltalande.
Underhaldningsformat på TV. Video: Terranova Media / CC BY-NC-ND 4.0

Kva er underhaldning?

Omgrepet underhaldning kan tyde å muntre eller more, og det beskriv ei handling eller ei framføring som har som hovudmål å fange merksemda og underhalde dei som ser på eller er med. Underhaldningsbransjen har vakse i takt med at folk har fått meir fritid. Underhaldning er oppmuntring og gir, for mange, eit avbrekk og ein pause frå ansvar og gjeremål i kvardagslivet.

Mykje av det underhaldningsbransjen produserer, er lett tilgjengeleg, attkjennande og i ei forståeleg form. Innhaldet og bodskapen skal i første rekkje underhalde og tilfredsstille publikum – ikkje problematisere og krevje for mykje strev – men vere humoristisk, passe spennande, og gjerne kjenslesladd og estetisk tiltalande.

Massemedium og populærkultur

Populærkultur er kultur som fengjer store delar av ei befolkning. Framveksten av massemedia på 1800- og 1900-talet førte til ei spreiing av underhaldning til folk flest. Før den tid var det berre rike og velståande menneske som hadde tid og pengar til å unne seg profesjonell underhaldning. Innhald som blir godt motteke blant folk flest, blir ein del av populærkulturen.

Teikneseriar har vore populær underhaldning i Noreg i meir enn hunde år. Mange kan ikkje tenkje seg ei jul utan julehefte. Video: NRK / CC BY-NC-ND 4.0

Kommersialisering og internasjonalisering

Populærkulturen blir ofte styrt av kommersielle krefter som skal tene pengar på kulturen. Bransjen må tiltrekkje seg eit publikum for å overleve og er derfor avhengig av å forstå populærkulturen, slik at han kan skape innhald som publikum vil ha. Dette er noko av grunnen til at bransjen gjerne tek opp att den same oppskrifta viss dei merkar at dei har funne ein suksessformel.

I underhaldningsbransjen ser vi derfor ei auka grad av kommersialisering og internasjonalisering. Kommersialisering handlar om at medieproduksjonar i større grad blir oppfatta som varer på ein marknad, noko som skal kjøpast og seljast. Dessutan rettar desse produksjonane seg meir og meir inn mot ein internasjonal marknad. Særleg i TV-bransjen ser vi at mange underhaldningsformat blir selde vidare til andre land. Populærkulturen har dermed blitt globalisert, det vil seie meir lik, i store delar av verda.

Skrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 03.01.2018