Lag eit daguerreotypi - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Lag eit daguerreotypi

Mange reknar daquerreotypien som den eldste metoden i verda for å framstille fotografi. Du skal no lage eit moderne bilete om til eit daguerreotypi.

Oppdrag

  1. Kva er daguerreotypi, og korleis blei desse fotografia opphavleg laga?
  2. Fotografer eit motiv. Bruk eit eigna fotoredigerings-program for å gjere biletet om til svart-kvitt.
  3. Gjer deretter biletet om til eit daguerreotypi. Søk i Google etter ei oppskrift (tutorial) som viser deg korleis du kan gjere dette.

Relatert innhald

Skrive av Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2018