Mediegrafi

Formål med arbeidsoppgåva
Målet med denne oppgåva er å få innsikt i samanhengen mellom dine eigne medieopplevingar og tidlegare generasjonar sine medieopplevingar.
Gjennom å utforske medieopplevingar i fire generasjonar får du verdifull innsikt som gjer deg i stand til å reflektere kritisk over dagens globaliserte mediesamfunn og forstå tida som kjem.
Lag forteljingar om det du finn ut, og bruk desse som utgangspunkt for eigen refleksjon.
1. Vel deg eit fokus
Du kan velje å fokusere på individet eller på samfunnet. Er du oppteken av mediebruken og korleis han har endra seg? Eller er du mest oppteken av medieutviklinga i samfunnet? Eller kanskje du er nysgjerrig på kva for medieopplevingar som har sett dei djupaste spora i dei ulike generasjonane?
- Formuler ei problemstilling.
- Vel deg nokre av temaa i skjemaet nedanfor og fordjup deg i dei.
- Pass likevel på å samle inn informasjon også om dei andre punkta, slik at du har ein kontekst for det du fordjupar deg i.
Oldeforeldre-generasjon | Besteforeldre- generasjon | Foreldre/ føresette | Meg sjølv | |
|---|---|---|---|---|
yrke | ||||
heimland | ||||
stader | ||||
tid | ||||
endringar i livsstil / klassereise | ||||
utdanning | ||||
familie | ||||
første utanlandsreise(r) | ||||
språkkunnskapar | ||||
medium og kommunikasjon | ||||
global mediehending | ||||
interesser | ||||
motstand mot | ||||
identitet |
2. Førebu intervju
Set deg inn i intervju som utforskingsmetode og formuler ein intervjuguide som du bruker når du snakkar med informantane du har valt ut.
Ein informant er ein person som du vel å hente informasjon frå for å belyse problemstillinga di. Kva for informantar har du tilgang til i ulike generasjonar? Ein intervjuguide inneheld alle hovudspørsmåla du skal stille, og moglege oppfølgingsspørsmål.
Kanskje må du tilpasse intervjuguiden noko når du snakkar med informantar som tilhøyrer ulike generasjonar. Kanskje dei nest eldste må svare for dei eldste?
3. Samle bilete, lyd og video
Har du tilgang til eller kan du få tak i gamle bilete eller videoopptak? Slike historiske kjelder kan gi tilleggsinformasjon til undersøkinga di.
Dersom du ønsker å ta lydopptak eller filme intervjuet, må du be om tillating frå den du intervjuar, og gjere det klart korleis du tenker å bruke desse opptaka i etterkant.
4. Analysere materiale
Gå gjennom og systematiser intervju og materiale.
- Hugs å ha fokus på problemstillinga du formulerte. Omformuler om nødvendig.
- Kva delar av informasjonen du har samla, eignar seg til å belyse problemstillinga?
- Bruk gjerne skjemaet over til å sortere funna dine.
- Kva er mest interessant å fortelje om? Korleis skal du få fortalt det?
- Skriv eit manus og skisser eit storyboard.
- Planlegg opptak eller innhenting av informasjon, bilete, lyd og/eller videoopptak du manglar.
5. Set saman ei forteljing
Set saman lyd, bilete og video. Ha ei felles framvisning i klassen og diskuter:
- Kva for likskapar og forskjellar finst i mediebruk på tvers av generasjonane?
- Korleis har samfunnet endra seg på fire generasjonar?
- Kva betydning har media hatt i samfunnet og for individet før og no?
6. Reflekter og lever
Reflekter over og lever arbeidet etter avtale med lærar.
Relatert innhald
Ein kort gjennomgang av korleis ein bygger opp ei filmforteljing.
Om korleis du vel ut informantar til ei undersøking.