Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video
Interaktivt innhald

Kameraet – ei fantastisk maskin?

Filmen and the king said, what a FANTASTIC MACHINE (2023) tek for seg kamerahistoria og viser korleis ulike biletmedium bidreg til å forme haldningar, politiske meiningar og oppfatninga vår av verda gjennom å informere, manipulere og underhalde. Sjå filmen og jobb med oppgåvene.

1. Sjå filmen

Filmen and the king said, what a FANTASTIC MACHINE (2023) er ein visuelt spennande og underhaldande dokumentar regissert av Axel Danielson og Maximilien Van Aertryck.

Filmen tek for seg kamerahistoria, frå dei første fotografia såg dagens lys på 1800-talet til vår tid. No finst det 45 milliardar kamera over heile verda, og vi er vitne til ein stadig aukande flaum av bilete og videoar. Med høgt tempo og humor viser dokumentaren korleis kameraet påverkar oss og samfunnet vårt.

Første del av filmen (00:0043:00) er ein gjennomgang av fotografi- og fjernsynshistoria med vekt på korleis fotografiet både kan avsløre og tilsløre faktiske hendingar. Siste del (43:001:28:00) handlar om korleis eit stadig nærverande kamera påverkar korleis vi ser på oss sjølve, måten vi kommuniserer på, og det samfunnet vi er ein del av.

2. Kamera- og fotografihistoria

Filmen and the king said, what a FANTASTIC MACHINE handlar om kamera- og fotografihistoria.

  1. Fotografiske bilete oppstår naturleg når lys blir sleppt gjennom ei trong opning. Den greske filosofen Aristoteles beskreiv dette optiske prinsippet allereie på 300-talet.

    Forklar kva det er som gjer at personane i opningsscenen i filmen ser opp-ned-bilete av seg sjølv eller nabohusa på veggen.

  2. Under ser du ei visuell tidslinje som viser den teknologiske utviklinga kameraet har vore gjennom. Nokre teknologiske utviklingstrinn har hatt spesielt stor påverknad på oss som individ og som samfunn.

    Vel fem årstal, beskriv kva som skjedde, og kva verknad det fekk. Bruk scenar i filmen til å underbygge at desse utviklingstrinna var spesielt viktige.

3. Dokumentasjon og iscenesetjing

  1. Kameraet har dokumentert faktiske hendingar i 150 år. Nemn døme frå filmen som viser kor viktig ein slik dokumentasjon har vore.

  2. Kor truverdig tenker du fotografi og levande bilete er som historiske kjelder? Kva for kjeldekritiske spørsmål bør vi stille til eit historisk fotografi? (Tips: Les fagartikkelen "Fotografiet som historisk kjelde".)

  3. Ta utgangspunkt i scener i filmen og beskriv døme på korleis mektige leiarar har brukt fotografi og levande bilete til å iscenesetje seg sjølv.

4. Tv, smarttelefon, familieliv og sjølvinnsikt

  1. Kva fortel filmen om korleis tv-mediet endra familielivet på 1960-talet?

  2. Tenk etter: Korleis påverkar bilete på smarttelefonen måten familien din og vennene dine samhandlar på i dag? Finst det nokon parallellar?

  3. I filmen blir vi vitne til kva som skjer når menneske for første gang får sjå eit fotografi av seg sjølve. Korleis reagerer dei?

  4. Tenk etter: Korleis påverkar moglegheita til å bli fotografert måten du opptrer på når du er saman med andre?

5. Ein digital flaum

  1. Ta utgangspunkt i filmen og beskriv korleis digital kamerateknologi og digitale distribusjonskanalar har endra rolla fotografiet har i samfunnet, og måten folk kommuniserer på.

  2. Kvifor trur du nokre menneske vel å livestreame livet sitt?

  3. Kva typar fotografi er det som automatisk fangar merksemda vår?

  4. Korleis blir denne innsikta brukt til å utvikle algoritmane som styrer innhaldet du blir eksponert for i sosial medium?

6. Ei fantastisk maskin?

  1. Filmtittelen and the king said, what a FANTASTIC MACHINE refererer til kong Edward VIIs reaksjon på filmen som franske Georges Méliès laga om kroningsseremonien i 1902.

    Kongen sa: "For ei fantastisk maskin kameraet er. Det har til og med klart å spele inn dei delane av seremonien som ikkje fann stad." Kva trur du han meinte med dette?

  2. I dag er det svært enkelt å lage falske fotografi og videoar ved hjelp av kunstig intelligens. Klarer du å avsløre om eit fotografi er ekte eller falsk? Her er ei nettside der du kan teste kor skarp du er:

    NRK: Mange blei lurt av KI-genererte bilete: – Det er kjempeskummelt!

  3. Diskuter i klassen: Kva skjer med oss som individ og som samfunn når vi ikkje lenger kan stole på bileta vi ser i aviser, på tv og i sosiale medium?

Relatert innhald

Skrive av Ragna Marie Tørdal og Helene Retzius.
Sist oppdatert 21.10.2025