Nyheiter og nyheitsjournalistikk
Nyheiter og nyheitsverdi
Nyheiter er informasjon om noko som nettopp har hendt eller nettopp har blitt kjent. I ei digital verd er ei hending ofte kjent få minutt etter at ho har skjedd, og ei nyheit er ei ferskvare: Ho går raskt ut på dato.
I dag er straumen av informasjon nesten uendeleg. For at ei nyheit skal nå framsida i ei nettavis eller bli vigd tid i ei nyheitssending på tv, må ho ha nyheitsverdi. Det betyr at ho er aktuell for eit større publikum. Jo meir merksemd ei nyheit får, jo større er nyheitsverdien.
Dei som jobbar i nyheitsbyrå og nyheitsredaksjonar, siler derfor ut kva nyheiter som skal formidlast vidare ut frå eit sett av nyheitskriterium og kor stor tilgangen på nyheiter er. Nyheitsterskelen er til dømes lågare i sommarferien enn elles i året.
Nyheitskriteria
- konflikt
- ei motsetning mellom personar, grupper eller interesser; tydelege konfliktar engasjerer dei som får nyheitene, og journalistar er derfor ofte på jakt etter klare frontar når dei vel saker
- vesentlegheit
- det at noko er viktig for publikum og hjelper dei med å ta informerte val
- eksklusivitet
- handlar om noko som ikkje alle har; for ein nyheitsredaksjon har ei nyheit spesiell stor verdi dersom dei er åleine om å formidle henne
- identifikasjon og nærleik
- det at vi kjenner oss igjen i det som blir fortalt; som mottakarar er vi spesielt opptekne av nyheiter som har med oss sjølve eller nærmiljøet vårt å gjere, eller som appellerer til kjenslene våre
- sensasjon
- noko som overraskar oss, vekker oppsikt og fangar merksemda vår
- aktualitet
- noko som er relevant eller viktig akkurat no; ei nyheit er aktuell når noko nettopp har skjedd eller angår oss på ein spesiell måte
Tips
Forkortinga KVEISA kan hjelpe deg med å hugse dei viktigaste nyheitskriteria.
Nyheitsredaksjonar og nyheitsjournalistar
Mediebedrifter som Aftenposten, VG, Stavanger Aftenblad, NRK og TV 2 har eigne nyheitsredaksjonar. Ein nyheitsredaksjon består vanlegvis av journalistar, vaktsjef, fotografar og dei som redigerer nyheitssaker på desken. Redaksjonen blir leidd av ein nyheitsredaktør. Det er redaktøren som er ansvarleg for det som går på lufta eller blir publisert.
Media konkurrerer om å vere først ute med ei nyheit. Stemninga i ein nyheitsredaksjon er derfor hektisk. Når ei viktig hending skjer og heile nyheitsredaksjonen blir sett i arbeid, har saka status som "breaking news".
Film: Nyheitsjournalistikk
I filmen nedanfor (lengde 7:06) får du innblikk korleis nyheitsredaksjonen i avisa Klassekampen jobbar med nyheitssaker.
Vi følger journalist Jonas Henmo frå idéen til ei nyheitssak blir drøfta på morgonmøte, og fram til nyheita kjem på trykk i papiravisa dagen etter. Henmo fortel om korleis han jobbar med nyheitskriterium, research, vinkling og val av kjelder. Som journalist er oppdraget hans å stille kritiske spørsmål, men samtidig må han ha tillit hos dei han skriv om.
Nyheitsbyrå
I tillegg til dei nyheitene journalistane sjølv grev fram, abonnerer nyheitsredaksjonane på informasjon frå nyheitsbyrå. Eit nyheitsbyrå er ei bedrift som samlar inn, behandlar og formidlar nyheiter vidare til ulike mediehus. Norsk Telegrambyrå (NTB) er det leiande nyheitsbyrået i Noreg. Men norske medium abonnerer òg på nyheiter frå internasjonale nyheitsbyrå, som britiske Reuters og amerikanske Associated Press.
Nyheitsforteljingar – dramaturgi og sjangrar
Nyheitsmeldingar
Når noko viktig skjer, sender nyheitsredaksjonane i radio, tv og nettaviser først ut korte nyheitsmeldingar. Dei store internasjonale nyheitskanalane sender nyheiter døgnet rundt. For dei er det viktig å vere først ute med nyheitene.
Nyheitsmeldingar er refererande journalistikk, som vil seie at journalisten fortel kva som har skjedd, kvar det skjedde, og kven som har vore involvert i det som skjedde.
Tenk over
Kva nyheiter får du opp i din feed i sosiale medium?
Kva fellestrekk har reels-nyheiter og nyheitsmeldingar?
Nyheitsartiklar, nyheitsreportasjar og kommentarar
Idet noko skjer, har nyheitsredaksjonen dårleg tid til å gjere grundig research og ta kontakt med fleire uavhengige kjelder. Men dersom saka er stor nok, vil journalisten i neste omgang skrive ein meir omfattande nyheitsartikkel og hente inn reaksjonar på det som har skjedd, frå augevitne og ansvarlege styresmakter.
Kommersielle nyheitskanalar som VG og Dagbladet konkurrerer om merksemda til mottakarane. Dei vel derfor gjerne dramatiske overskrifter og sterke bilete.
Journalisten kan oppsøke åstaden og setje ord på korleis hendinga blir opplevd i form av ein reportasje. Reportasjen er ein sjanger som i sterkare grad enn ein nyheitsartikkel appellerer til kjenslene våre. Kanskje vel redaksjonen å la ein kommentator setje hendinga inn i ein samanheng av meir allmenn betydning.
Nyheiter på ulike kanalar og plattformer
Dei store nyheitsmedia publiserer nyheiter i fleire kanalar og på ulike plattformer. VG publiserer til dømes nyheitene sine både i papiravis, nettavis, i VGTV og i sosiale medium som Facebook, Instagram, Snapchat og TikTok. 2024 hadde VG 300 000 følgarar på TikTok, halvparten av desse var under 24 år. VG driv òg Noregs største nyheitskonto på Snapchat, med i underkant av 600 000 følgarar (Aarli-Grøndalen, 2024).
Fleirmedial journalistikk
Når ei nyheitsforteljing skal publiserast i fleire kanalar og på fleire plattformer, må nyheitsjournalistar meistre ulike forteljeteknikkar og uttrykksformer. I fleirmedial journalistikk er mobiltelefonen ein viktig arbeidsreiskap.
Journalisten kan bruke mobiltelefonen både til å skrive tekst, fotografere, gjere lyd- og videoopptak og utføre enkel redigering. Opptak kan overførast til redaksjonen, eller journalisten kan publisere eller sende direkte på lufta.
Film: Mobiljournalistikk
I filmen under (lengde 6:36) fortel journalistar i NRK Nordland korleis dei bruker mobiltelefonen til å lage fleirmedial journalistikk.
Sosiale medium som nyheitskanal
Når nyheitssaker frå nettaviser og tv-kanalar blir delte og kommenterte i sosiale medium, aukar merksemda og engasjementet rundt saka. I kommentarar kan mottakarane bidra med tilleggsinformasjon og synspunkt som set nyheitsforteljinga inn i ein ny eller utvida kontekst.
Nyheitsstraumen vi får i sosiale medium, er styrt av algoritmar. Det er ikkje nødvendigvis dei viktigaste nyheitene som får mange "likes" og blir mest delt, men heller enkle, unyanserte forteljingar som triggar engasjement og kjensler.
Sentrale fagomgrep
- "breaking news"
- hending som går føre seg akkurat no, og som det kjem løpande nyheiter om
- nyheiter
- handlar om noko som nettopp har skjedd, eller noko vi nettopp har fått vite om
- nyheitsverdi
- kor interessant nyheita er for publikum; dess meir merksemd ei nyheit får, får dess større verdi har ho
- nyheitskriterium
- beskriv kva som kjenneteiknar nyheiter, og er til hjelp for journalistar når dei skal prioritere kva nyheiter som har høgast nyheitsverdi
- nyheitsterskel
- ei grense som avgjer om ei sak har nyheitsverdi eller ikkje; varierer frå dag til dag og frå redaksjon til redaksjon
- redaktørstyrte medium
- mediehus der ein redaktør har ansvaret for at innhaldet er basert på fakta og følger presseetiske retningslinjer
- nyheitsbyrå
- ei mediebedrift som samlar inn og sel nyheiter vidare til ulike nyheitsmedium
- fleirmedial journalistikk
- journalistikk som tek i bruk fleire medieuttrykk, som tekst, foto, lyd, video og illustrasjonar, for å formidle ei journalistisk medieforteljing
Relatert innhald
Ei oppgåve om korleis ein nyheitsredaksjon jobbar.