Vurderingar og roller i ein nyheitsredaksjon
1. Sjå film: Nyheitsjournalistikk
I filmen (lengde 7:06) får du innblikk i korleis nyheitsredaksjonen i avisa Klassekampen jobbar med nyheitssaker. Vi følger journalist Jonas Henmo frå idéen til ei nyheitssak blir drøfta på morgonmøte, og fram til nyheita kjem på trykk i papiravisa dagen etter.
2. Svar på spørsmåla
Kva skjer på morgonmøtet i redaksjonen?
Korleis førebur Henmo seg til intervjuet med MDG?
Kva kjelder bruker han i arbeidet sitt som politisk journalist?
Korleis vel han å vinkle saka, og kvifor vel han denne vinklinga?
Kvifor er tittel og ingress viktig, og korleis bygger han opp saka?
Kven har ansvaret for det som blir publisert i avisa?
3. Vurder nyheitsverdien
Kva skal til for at noko blir ei nyheitssak i Klassekampen?
Sjekk dagens nyheiter i nettavisene vg.no og dagbladet.no. Finn døme på saker der ein eller fleire av nyheitskriteria konflikt, vesentleg, eksklusivitet, identifikasjon, nærleik og sensasjon gir saka nyheitsverdi.
Kva har vore "breaking news" dei siste vekene?
4. Korrespondentane er der det skjer
Dei store mediehusa har korrespondentar i utlandet som rapportere direkte om hendingar og forhold ut frå det dei sjølv ser og høyrer.
NRK Skole har laga eit undervisningsopplegg om korleis NRKs korrespondentar jobbar:
NRK Skole: URIX: Korrespondentane
Relatert innhald
Formidling av nyheiter er kjerneoppgåva til journalistikken. Dei aller fleste som jobbar med journalistikk i Noreg, er derfor nyheitsjournalistar.