Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Journalistikk

Journalistikk er informasjon om noko som faktisk har hendt, basert på pålitelege kjelder. I demokratiske samfunn har journalistikk og redaktørstyrte medium eit viktig samfunnsoppdrag. Dei skal informere borgarane, gi rom for offentleg debatt og avdekke maktmisbruk og kritikkverdige forhold.

Samfunnsoppdraget til journalistikken

Oppgåva til journalistikken er å sørge for dagleg informasjon som gjer borgarane i stand til å orientere seg i samfunnet og ta opplyste val. Ei fri, uavhengig og sanningssøkande presse er blant dei viktigaste institusjonane i demokratiske samfunn.

Journalistikken skal òg gi rom for offentleg debatt og avdekke maktmisbruk og kritikkverdige forhold. Ifølge Ver Varsam-plakaten har journalistikken eit spesielt ansvar for å verne enkeltmenneske og grupper mot overgrep og forsømmingar.

Redaksjonell fridom

Redaksjonell fridom eit viktig prinsipp i journalistikken. I redaksjonelle medium har ansvarlege redaktørar ansvar for det som blir publisert. Redaksjonell fridom betyr at redaktørar skal opptre fritt og uavhengig overfor personar eller grupper som av ideologiske, økonomiske eller andre grunnar vil øve innverknad på det journalistiske innhaldet.

Journalistisk integritet

Som journalist skal du opptre som uavhengig, både med omsyn til ulike grupperingar i samfunnet og med omsyn til eigne, private interesser. Ikkje opptre som mikrofonstativ for alle som ønsker publisitet! Det er ikkje alle historier som fortener å bli fortalde. Ver Varsam-plakaten har eit eige kapittel om journalistisk integritet.

Objektivitet som ideal

Ein journalist skal ideelt sett formidle fakta objektivt. I mange tilfelle er folk ueinige om kva dei faktiske forholda er. Då er det oppgåva til journalisten å informere om dei ulike oppfatningane som finst, på ein objektiv og upartisk måte.

Alle menneske betraktar verda frå ein bestemd ståstad. Absolutt objektivitet er derfor ikkje mogleg, heller ikkje for journalistar.

At journalisten i nokre tilfelle formidlar eigne kjensler og tankar, gjer det dessutan enklare for mottakarane å leve seg inn i det som har hendt, og utvikle empati med dei som er ramma.

Tenk over

Bør ein journalist gi uttrykk for medkjensle med menneske som blir ramma av krigshandlingar, eller er det å ta parti i ein væpna konflikt?

Kjeldekritikk og kjeldevern

Kjelder kan lyge eller fordreie sanninga. Då er det oppgåva til journalisten å vurdere truverdet til kjeldene ved å oppsøke ulike kjelder og halde det dei seier, opp mot kvarandre. Alle fakta må sjekkast nøye. Bruk sikre kjelder, og kryssjekk den informasjonen kjeldene kjem med.

Av og til kjem kjelda med informasjon som kan true kjelda sitt eige liv og sikkerheit. Då kan du som journalist referere til ei anonym kjelde. Men du må kunne gå god for den informasjonen kjelda kjem med. Det som kjem på trykk eller går på lufta, er det uansett du som står ansvarleg for.

Hugs!

Dersom du har lovt ei kjelde at namnet hens ikkje skal bli kjent, må du ikkje la deg presse til å offentleggjere dette. Kjeldevern er eit viktig prinsipp i all journalistikk.

Ord kan drepe

Det du seier eller skriv som journalist, og dei bileta du publiserer, blir sett og høyrde av mange menneske. Negativ omtale kan få store konsekvensar for folks omdømme og for tilliten til ein institusjon eller ei bedrift. Du må derfor vere heilt sikker på at det du formidlar, er rett. Dei som blir utsette for sterke skuldingar, må få eit høve til å kommentere dei og argumentere for saka si.

Ikkje tillegg ein person meiningar som hen sjølv ikkje har gitt uttrykk for. Tilby gjerne informantane dine moglegheit til å sjekke at sitat er korrekte.

Sentrale fagomgrep

fakta
rette og sikre opplysningar om verkelegheita
journalistikk
profesjonelt pressearbeid som handlar om å lage og presentere informasjon om verkelege menneske, reelle konfliktar og faktiske hendingar
kjeldekritikk
kritisk vurdering av det ei kjelde fortel med omsyn til truverd, kunnskap, aktualitet og objektivitet
kjeldevern
plikta ein journalist har til å verne ei kjelde mot negative konsekvensar eller alvorlege represaliar
objektiv
sakleg, upersonleg, upartisk, allmenngyldig; det motsette av subjektiv
redaksjonell fridom
at redaktørar og journalistar opptrer fritt og uavhengig overfor personar eller grupper som av ulike grunnar vil øve innverknad på journalistikken
Ver Varsam-plakaten
reglar for journalistisk verksemd vedtekne av Norsk Presseforbund

Kjelde

Norsk Presseforbund. (u.å.). Ver Varsam-plakaten. Henta 14. april 2026 frå https://www.presse.no/vaer-varsom-plakaten

Relatert innhald

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist oppdatert 14.04.2026