Kva er journalistikk? - Undersøkjande journalistikk - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Kva er journalistikk?

Fagartikkel

Undersøkjande journalistikk

Undersøkjande journalistikk handlar om å avdekkje forhold som kan vere skadelege eller straffbare. Ein gravejournalist, eller researcher, er som oftast ein del av eit redaksjonsteam. Researcheren kan kome med idear til artiklar eller program og føreslå kjelder som kan gi informasjon om saka.
Tarjei Leer-Salvesen har jobba som reseacher i Brennpunkt-redaksjonen i NRK og i Fædrelandsvennen. Video: Kristin Eriksen Vold / CC BY-NC-ND 4.0

Metodar i undersøkjande journalistikk

Undersøkjande journalistikk er journalistikk der journalisten arbeider systematisk med å avdekkje skjulte samanhengar, eller forhold som kan vere skadelege eller straffbare. Det kan til dømes dreie seg om maktmisbruk utført av offentlege instansar eller næringsinteresser, korrupsjon eller økonomisk kriminalitet. Metodane journalisten bruker, har mykje til felles med metodar som er vanlege i andre former for etterforsking.

Ein metode som blir brukt i undersøkjande journalistikk, er systematiske søk i register og databasar. Journalistane kan òg be om innsyn i ulike dokument som gjeld den verksemda dei undersøkjer, til dømes rekneskapsrapportar eller arbeidsmiljøundersøkingar. Dei kan òg sjekke bakgrunnen til namngitte personar gjennom å snakke med kjelder eller søkje på internett.

Å jobbe som gravejournalist

Ein viktig del av arbeidet til ein gravejournalist, eller researcher, er å hente inn og verifisere informasjon frå ulike kjelder. Å verifisere betyr å sjekke at informasjonen er riktig. Ofte er det andre journalistar eller programleiarar som er ansiktet utover når saka blir publisert.

Store mediebedrifter har høve til å tilsetje eigne personar som har som jobb å grave fram informasjon til bruk i bakgrunnsartiklar, reportasjar eller dokumentarar. Jo større ei mediebedrift er, dess meir spesifikke arbeidsoppgåver har ein researcher.

Slik jobbar ein researcher

  • deltek i redaksjonsmøte
  • utviklar idear
  • brifar andre
  • skaffar fakta frå kontor og arkiv
  • kontaktar kjelder
  • sjekkar truverdet til kjeldene
  • gjer avtalar
  • hentar inn informasjon
  • verifiserer informasjon

Undersøkjande journalistikk kan ramme hardt

NRK Brennpunkt er Noregs største redaksjon for undersøkjande journalistikk. Redaksjonen formulerer mandatet sitt slik:

Oppgåva vår er å fortelje deg ting du bør vite om, men som nokon prøver å skjule.

Når ei sak blir publisert i Brennpunkt, får det store konsekvensar for dei saka handlar om. Eit døme på dette er programserien Guds utvalde (2020). Her sette Brennpunkt-redaksjonen blant anna søkjelys på økonomien i trussamfunnet Brunstad Christian Church – best kjent som "Smiths venner". Du kan sjå programmet på NRK.no: Brennpunkt: Guds utvalde.

Leiarane i Smiths venner reagerte kraftig på reportasjen. Dei hevda at dette ikkje var seriøs gravejournalistikk, men ein partisk angrepsreportasje i kjølvatnet av kritikken avisa Dagens Næringsliv i fleire år hadde retta mot dei økonomiske disposisjonane til forsamlinga.

På sine eigne nettsider har forsamlinga publisert fleire artiklar der dei presenterer ein annan versjon av saka og beskriv kor skadeleg denne reportasjen har vore for forsamlinga: Brunstad Christian Church: Få alle fakta på bordet.

Etter klager frå forsamlingsmedlemmer blei saka behandla i Kringkastingsrådet. Der fekk NRK brei støtte frå rådsmedlemmene, blant andre Vebjørn Selbekk, redaktøren i den kristne avisa Dagen:

– Det er pressens oppgave å avdekke kritikkverdige forhold, og det gjelder også i kristne miljøer. Så sier Frank Gander noe viktig om hvor krevende det er å drive kritisk journalistikk i religiøse miljøer, men det er viktig at man gjør det likevel. Også religiøs makt må utfordres, pressen har en oppgave om å utfordre og å ettergå alle typer makt, sier Selbekk.

Relatert innhald

Fagstoff
Podkast: Kvalitet i journalistikk

Høyr gravejournalist Lars Backe Madsen og tidlegare redaktør Grete Ruud snakke om kva som skal til for å lage god journalistikk.

Oppgåver og aktivitetar
Skal – skal ikkje?

Om varslarsaker og presseetiske vurderingar rundt bruk av anonyme kjelder.

Kjelder

NRK Brennpunkt (u.å.). Brennpunkt. Nrk.no. Henta 11. mars 2021 frå https://www.nrk.no/dokumentar/brennpunkt-1.14938524

Njie, R.A. (2020, 25. november): NRK får støtte etter klagestorm: - Ikke vært ute etter å krenke noen sin religion. Kampanje. https://kampanje.com/medier/2020/11/brennpunkt-klager-behandlet-i-kringkastingsradet/

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2021