Fotografiet erobrar verda
Fotografiets historie
Ordet fotografi stammar frå dei greske orda fos som betyr "lys" og gráfein som betyr "skrive, teikne, risse". Ordet kan derfor omsetjast med "lysteikning" (Phil & Eliassen, 2025).
Sjølve prinsippet bak fotografering har vore kjent lenge. Alt på 300-talet f.Kr. beskreiv Aristoteles korleis det å sleppe inn dagslys gjennom eit lite hol i ein vegg gir eit opp-ned-bilete av omgivnadene på motsett vegg. På 1400-talet nytta kunstnarar seg av denne teknikken (camera obscura) til å la lysstrålane vise omrisset av motiv på store ark. Slik kunne dei raskt skissere omrisset av motiv dei ønskte å måle.
Først i 1827 klarte den franske oppfinnaren Joseph Nicéphore Niépce å lage eit kamera som festa fotografiske bilete til ei tinnplate. Det var opphavet til det moderne fotografiet. Oppfinninga vart seinare vidareutvikla av Louis Daguerre.
I byrjinga kunne fotografen lage berre eitt eksemplar av eit fotografi. Men ei ny oppfinning på 1850-talet gjorde det mogleg å framstille fleire papirkopiar av eitt og same bilete.

I 1878 blir fotografiet til "levande" bilete

Når ein serie fotografi blir spelte av i rask rekkefølge, oppstår ein illusjon av rørsle. I 1878 tok Eadweard Muybridge ein slik biletserie av ein hest i fart. Det er det er den første kjende "filmen".
I 1885 utvikla brørne Lumière kinematografen, eit system som gjorde det mogleg å vise film for eit større publikum.
Ein flaum av fotografi
I dag finst det 45 milliardar kamera spreidde rundt i verda (Danielson & Van Aertryck, 2023). Ein stadig aukande flaum av fotografi og videoar når oss gjennom ulike mediekanalar. Sidan denne typen bilete har fått ein så dominerande plass i kvardagen vår, er det viktig å reflektere over korleis fotografiet har påverka kulturen og samfunnet, sjølvbiletet vårt og måten vi kommuniserer på.
Tenk over
Kor mange bilete vart du eksponert for i går?
Kva kanalar vart desse bileta distribuerte gjennom?
Kvifor trur du desse bileta vart publiserte/delte?
Fotografiet dokument verkelegheita
Fotografiet kan dokumentere noko som faktisk finst, og noko som faktisk har skjedd, utan at vi sjølve er augevitne til det. Slik utvidar fotografiet synsfeltet og bevisstheita vår. Det påverkar korleis vi oppfattar verda og samfunnet vi er ein del av. Gjennom fotografi og "levande bilete" opplever vi store idrettsaugeblinkar, eksotisk dyreliv, framande kulturar og levemåtar i andre land.
Krigsfoto
Den amerikanske fotografen Mathew B. Brady var ein av dei første krigsfotografane i verda. Sjokkerte newyorkarar strøymde til då bilete frå den amerikanske borgarkrigen vart viste på ei utstilling i 1862. Det var første gong vanlege folk kom så tett innpå den forferdelege krigsverkelegheita ("Mathew Brady", 2026). Brady sjølv omtalte kameraet som "historia sitt auge".
Fotografiet appellerer til kjenslene våre. Bilete av israelske gissel som blir bortførte av Hamas og lemlesta palestinske barn i Gaza har i vår tid fått mange til å engasjere seg politisk.

Tenk over
Vel eit fotografi som har gjort sterkt inntrykk på deg.
Kvifor vart du engasjert av dette biletet?
Korleis bidrog biletet til å auke bevisstheita di om det biletet viser?
Fotografiet fortolkar verkelegheita
Sjølv om fotografiet tilsynelatande er ei objektiv attgiving av verkelegheita, er det viktig å vere klar over at alle bilete òg representerer ei tolking av verkelegheita.

Blant mange alternativ har fotografen valt eit bestemt motiv, ein bestemd kameravinkel og eit bestemt utsnitt. Vala kan vere ubevisste, men som alle andre menneske blir fotografar påverka av gjeldande oppfatningar i eigen kultur og eiga samtid. I neste omgang kan desse vala påverke korleis du, som tilskodar, oppfattar verkelegheita.
Eit døme
Då Angola frigjorde seg frå kolonimakta Portugal i 1975, braut det ut borgarkrig. Krigen varte heilt til 2002, ikkje minst fordi Sovjet og USA støtta kvar si geriljagruppe.
Mange barn vart lemlesta av landminer. Britiske prinsesse Diana fronta ein internasjonal kampanje som jobba for å stoppe produksjon og bruk av landminer. Biletet av prinsesse Diana er teke av fotojournalisten João Silva. Han vart fødd i Portugal, men vaks opp i Sør-Afrika.
Tenk over
Kva trur du fotografen ønsker å formidle i fotografiet med Prinsesse Diana?
Kven er hovudpersonen i biletforteljinga?
Kva fortel biletet om kulturen og samfunnet fotografen er ein del av?
Fotografiet isceneset kven vi er eller vil vere

Dei fleste portrettfotografia isceneset personane som blir avbilda. Det betyr at fotografen eller oppdragsgivaren på førehand har ein idé om kven personane eigentleg er eller vil framstillast som, og at fotografiet synleggjer desse kvalitetane for dei som ser biletet.
Som fotograf kan du iscenesetje motivet ved bevisst val av bakgrunn og location, positur, ansiktsuttrykk, klede og rekvisittar, fargar eller lyssetjing.
Ein tidleg portrettfotograf
I 1844 opna Mathew B. Brady eit portrettstudio på Broadway. Kjende personar strøymde til studioet hans, blant dei fleire amerikanske presidentar.
Folk stilte opp i sin finaste stas. Dei vart avbilda i arrangert positur, ofte framfor bakgrunnar inspirerte av portrettmåleriet.
På slutten av 1800-talet vart fotografiske portrett allemannseige, òg i Noreg.
Tenk over
Studer biletet av Kinman. Korleis blir han iscenesett av fotografen?
Korleis isceneset du deg sjølv når du legg ut eigne portrettbilete i sosiale medium?
Kvifor er vi så opptekne av korleis vi framstår på fotografi?
Fotografiet som kultur- og nasjonsbyggar
Fotografi isceneset ikkje berre kven vi er som individ, men òg kven vi er som sosial gruppe og nasjon. Då Noreg vart sjølvstendig i 1814, vart det viktig å skape ein nasjonal identitet. Fotografi av norske landskap og norsk kultur vart ein viktig reiskap i denne prosessen (Larsen, 2018).
I vår tid blir fotografiet òg brukt til å skape og forsterke førestillingar om nasjonal og kulturell identitet og tilhøyrsel.
Tenk over
Vel eit motiv som du meiner er "typisk norsk". Beskriv eller fotografer motivet. Samanlikn bileta i klassen. Kva ved det norske har de valt å legge vekt på?
Fotografi lyg og manipulerer
Det er lett å tru at det vi ser med eigne auge, er sant. Derfor har fotografiet opp gjennom historia ikkje berre vore eit effektivt verkemiddel i dokumentasjon, men òg i desinformasjon og propaganda. Metodane for å lure sjåarane har vore mange.
Georges Méliès, ein av pionerane i filmhistoria, filma kroninga av den britiske kongen Edward VII i 1902. Men seremonien vart eigentleg spelt inn på førehand i eit filmstudio. Då kongen såg filmen, skal han ha sagt: "For ei fantastisk maskin kameraet er. Det har til og med klart å spele inn dei delane av seremonien som ikkje fann stad!" (Danielson & Aertryck, 2023).
Bilete i politisk propaganda
Tyske Leni Riefenstahl nytta biletutsnitt, kameravinklar og klipping bevisst til å herleggjere nazismen i filmane sine på 1930-talet. I Sovjetunionen vart politikarar som fall i unåde, ikkje berre fengsla og drepne, men òg retusjerte bort frå offisielle bilete (Eaves, 2018). Det same skjer i Nord-Korea no i nyare tid (García, 2022).
I 2003 brukte den amerikanske utanriksministeren Colin Powell falske satellittbilete til å overtyde FN om at Iran hadde masseøydeleggingsvåpen og samarbeid med Al Qaida, og at USA derfor hadde rett til å okkupere landet (NRK-NTB-Reuters, 2004). I nyare krigar er falske bilete viktige verkemiddel i krigspropagandaen, som til dømes i Ukraina-krigen.
Påverknad og digital svindel
Digital redigering og kunstig intelligens gjer det enkelt for kven som helst å endre og fordreie innhaldet i både fotografi og videoar. Fotografiet har blitt eit viktig våpen for kriminelle og for alle som ønsker å fordreie sanninga, ramme politiske motstandarar eller undergrave tilliten folk har til demokratiet.
Tenk over
Kva må vi kunne for å lese bilete kritisk?
Sentrale fagomgrep
- fotografi
- avbilding gjort med eit kamera, i eit analogt kamera skjer det ved at lys treffer ei kjenslevar flate
- levande bilete
- fotografi som blir spelte av i rekkefølge, slik at det oppstår ein illusjon av rørsle
- dokumentasjon
- informasjon som viser at noko finst eller har skjedd
- representasjon (i mediesamanheng)
- handlar om korleis menneske, stader eller tema blir framstilte i ulike medium
- iscenesetjing
- bevisst kontroll over korleis noko blir vist fram for andre
- manipulasjon
- å framstille noko slik at det tener ein bestemd intensjon
Relatert innhald
Sjå filmen "and the king said, what a FANTASTIC MACHINE" (2023) og jobb med oppgåver til filmen.
Planlegg og lag eit medieprodukt som viser utviklinga av fotografiet, ved hjelp av familiealbum eller andre biletsamlingar.

