Oppgave
Eigarskap, opplag og betalingsordningar
- Bruk tabellgeneratoren til å finne fram opplagstal for ei laussalsavis, ei storbyavis og ei lokalavis http://www.medienorge.uib.no/statistikk/medium/avis/190
Svar på desse spørsmåla:
- Kva seier tala deg om utviklinga av opplagstala dei siste 25 åra?
- Korleis vil du forklare denne utviklinga?
- Del det du har komme fram til, med ein medelev og til slutt for heile klassen.
- Finn lokalavisa di her: http://www.norske-aviser.com/
Finn ut av og svar på desse spørsmåla:
- Kva betalingsordning har lokalavisa di på nett?
- Kva kostar dei ulike abonnementsordningane?
- Kva skal til for at du er villig til å betale for full digital tilgang til lokalavisa?
- Kva kjenneteiknar selskapa Amedia og Bonnier? Prøv å finne svaret her: http://medienorge.uib.no/fakta
- Kva type medieverksemd eig Amedia og Bonnier ifølgje denne oversikta: https://www.medietilsynet.no/fakta/rapporter/mediemangfoldsregnskapet/