Egenvurdering
Eigenvurdering i emnet representasjon i media
Kva kan du om korleis ulike minoritetar i Noreg blir omtalte og synleggjorde i norske medium?
Når du har jobba med dette emnet, bør du
kunne forklare kva ein siktar til med representasjon i media
kunne gjere greie for omgrepa urfolk, etniske minoritetar og asylsøkarar
ha utforska og kjenne til korleis kvinner, fattige, etniske minoritetar og menneske med nedsett funksjonsevne kjem til syne i media
kunne reflektere over måten urfolk og minoritetar blir omtalte på i media, og kva det betyr for deira eigen identitet og måten storsamfunnet oppfattar dei på
Viktige omgrep i emnet representasjon i media
Her er ei oversikt over nokre viktige omgrep som du bør kunne:
asylsøkar
identitet
klisjé
marginalisering
minoritet
representasjon
stereotypi
stigmatisering
urfolk