Hopp til innhald
Bokmål
Oppgave

Diskuter kropp og kjønn i media

A. Kroppsideal og misnøye med eigen kropp

Påstand 1

Media er grunnen til at mange unge, og særleg unge jenter, seier dei er misfornøgde med eigen kropp.

Finn innhald på nettet og diskuter i klassen

Gå i grupper på to og finn ulike døme på korleis kropp blir framstilt. Det kan vere nyheitssaker, artiklar i nettmagasin og innlegg i sosiale medium og på YouTube.

Plukk ut to døme de bruker som utgangspunkt for spørsmåla under.

  1. Kva kroppsideal meiner de ein finn i media?
  2. Er det snakk om eit ideal eller fleire ulike ideal?
  3. Er det ulike ideal for menn og kvinner?
  4. Er det media som er skyld i at ungdom kjenner på kroppspresset, eller er media berre ein av fleire syndebukkar?
  5. Trur du alle blir like påverka av alt medieinnhald?
  6. Kva tenker du om Forbrukartilsynets rettleiing om reklamar i sosiale medium? Kor viktig er det at influensarar rettar seg etter rettleiinga?
  7. Skriv ned argument for og mot påstanden, og køyr diskusjon i klassen.

B. Etnisitet og kjønn i film, tv-seriar og nyheitsmedium

Påstand 2

Media speglar i for lita grad mangfaldet i samfunnet, og det er eit problem at menn er overrepresenterte i media.


Kjønn i film

Studer oversikta over korleis menn og kvinner får ulik plass og taletid i filmar. Ver merksam på at statistikken kjem frå ei aktivistgruppe og ikkje ein forskingsinstitusjon:

Geena Davis Institute: The Reel Truth: Women Aren't Seen or Heard

  1. Kva seier statistikken om menn og kvinner sin plass i film?
  2. Kva tenker du sjølv om statistikken? Vart du overraska?
  3. Studer ein episode av ein av favoritt-tv-seriane dine.

    • Kor mange kvinnelege og kor mange mannlege karakterar finn du?

    • Kven har hovudrollene, menn eller kvinner?

    • Kven får mest taletid, menn eller kvinner?

    • Kommenter resultatet.

  4. Vel tre av favorittseriane dine. Korleis blir mennene og kvinne framstilt? Er det til dømes sterke menn og svake kvinner, eller kanskje omvendt? Er kvinnene smarte og mennene dumme, eller kanskje omvendt? Eller gir serien kanskje ei realistisk og samansett framstilling av både menn og kvinner?

Kjønn i nyheitsmedia

Diskuter denne artikkelen med to eller tre andre elevar:

Forskning.no: Færre kvinner i norske medier

  1. Kva tenker de om denne ubalansen?
  2. Kva kan journalistane gjere for å skape meir kjønnsbalanse?
  3. Burde journalistane gjere noko for å skape meir kjønnsbalanse?
Skrive av Joachim Laberg.
Sist fagleg oppdatert 07/10/2017