Oppgave
Ta debatten! Ungdom og representasjon
Korleis blir du påverka av dagsordenen til media, og er sakene i dagens nyheitsbilete relevant for deg? Ungdom er ei gruppe som sjeldan slepper til i media, kva konsekvensar kan dette ha for demokratiet? Ta debatten med resten av klassen!
Gå saman i grupper på tre. Gå inn på tre ulike nettaviser. Finn ut kva saker som står på dagsordenen.
- Kva saker i dagens nyheitsbilete er relevante for dykk? Grunngi svaret, og vis til ulike saker.
- Korleis blir de påverka av det som skjer i nyheitsbiletet no? Gå inn på ulike eksempel.
- På kva måte pregar nyheitsmedia samtalane i vennegjengen din? Kom med konkrete eksempel.
- Korleis er ungdom framstilt og representert i dagens mediebilete? Finn eksempel på saker der ungdom er intervjuobjekt.
Ungdom er eit eksempel på ei gruppe som sjelden blir framstilt og representerert i media, kva konsekvensar kan dette ha for demokratiet?
- Bruk fagomgrep når de diskuterer, ver saklege, og finn ulike argument til spørsmålet.
- Noter ned argumenta i gruppa. Alle gruppemedlemmene skal delta i drøftinga.
Tenk over
Korleis kan du påverke meiningane og haldningane til resten av klassen gjennom argumenta du har lagt ut?
- Del synspunkta med resten av klassen i ei diskusjonsgruppe på Teams. Kvar gruppe skal dele minst tre ulike argument.
- Ver saklege, og vis ytringsansvar!
- Når alle gruppene har posta synspunkta sine, skal de studere argumenta i klassediskusjonen.
- Blir spørsmålet belyst frå ulike sider, eller er det mange like argument?