Egenvurdering
Eigenvurdering i emnet presseetikk
Kva kan du om presseetiske reglar, pressa sin sjølvjustis og kvifor det er viktig med eit tydeleg skilje mellom journalistikk og marknadskommunikasjon?
Når du har jobba med dette emnet, bør du
vite kva presseetikk er og ha kjennskap til Ver Varsam-plakaten og PFU
kunne peike på sterke og svake sider ved prinsippet om media sin sjølvjustis
forstå kvifor kjeldevern i nokre tilfelle er nødvendig
kunne reflektere over etiske problemstillingar som oppstår når ein journalist bruker utradisjonelle arbeidsmetodar
kunne drøfte i kva grad uklare skilje mellom journalistikk og marknadsføring svekker truverdet til nyheitsmedia
Viktige omgrep i emnet presseetikk
Her er ei oversikt over nokre viktige omgrep som du bør kunne:
innhaldsmarknadsføring
integritet
kjeldevern
medieetikk
presseetikk
samtidig imøtegåing
sjølvjustis
undercover-journalistikk
Ver Varsam-plakaten