Utforsk saker i PFU-basen - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Utforsk saker i PFU-basen

Alle saker som blir behandla av Pressas faglege utval (PFU), blir lagde i ein database, slik at det er råd for alle å gå tilbake i arkivet og studere dei sakene som har blitt vuderte. Her blir sakene presenterte, både kva den som klagar meiner er gale, og korleis redaksjonen svarer på klaga.

Søk i PFU-basen

På denne nettsida kan du søke opp saker som er behandla av Pressas faglege utval:

PFU-basen

Sett deg godt inn i kva sakene handlar om og kvifor dei er sendt inn til vurdering i PFU.

Til slutt kan du lese fråsegna frå PFU, som er den avgjerda utvalet tek.

Oppgåve 1

Finn saker etter punkt i Ver Varsam-plakaten.

  • Gå til PFU sin database over saker som har blitt vurderte, på www.pfu.no.
  • Klikk på «Avansert søk». Då får du opp alle punkta i Ver Varsam-plakaten. Hak av eitt av punkta som du meiner er interessant, og klikk på «Start søk».
  • Gå heilt ned på lista til dei nyaste sakene, og vel den nyaste saka som har eit raudt symbol ved sida av seg. Det tyder at PFU har felt redaksjonen.
  • Les saka, og presenter kva saka dreier seg om, for klassen eller ein medelev. Seinare kan du gjere det same med ei sak med grønt symbol, som tyder at PFU ikkje har felt redaksjonen.

Oppgåve 2

Finn saker etter årstal.

  • Gå til PFU sin database over saker som har blitt vurdert, på www.pfu.no. Klikk på «Bla gjennom». Då får du opp ei liste over årstala for når det har vore vurdert saker i PFU.
  • Vel ei av sakene som har eit raudt symbol. Det tyder at PFU har felt redaksjonen.
  • Les saka, og presenter kva saka dreier seg om, for klassen eller ein medelev.
  • Seinare kan du gjere det same med ei sak med grønt symbol, som tyder at PFU ikkje har felt redaksjonen.

Oppgåve 3

Finn saker etter redaksjon.

  • Gå til PFU sin database over saker som har blitt vurderte, på www.pfu.no. Klikk på «Avansert søk». Då får du opp alle punkta i Ver Varsam-plakaten, men over dette finn du fleire søkjefelt. Klikk på «Redaksjon», og vel anten NRK eller TV 2. Klikk på «Start søk».
  • Gå heilt ned på lista til dei nyaste sakene, og vel den nyaste saka som har eit raudt symbol ved sida av seg. Det tyder at PFU har felt redaksjonen.
  • Les saka, og presenter kva saka dreier seg om, for klassen eller ein medelev.
  • Seinare kan du gjere det same med ei sak med grønt symbol, som tyder at PFU ikkje har felt redaksjonen.

Undervisningsopplegget er laga i samarbeid med Kampanjen for journalistikken – «Kor har du det frå?». Denne kampanjen har som mål å bidra til at unge blir gode og kritiske mediebrukarar – gjennom kunnskap om kjeldekritikk, journalistisk metode og medieetikk.

Bak prosjektet står Norsk Journalistlag, Norsk Redaktørforening, Norsk Presseforbund, Landslaget for lokalaviser, Mediebedriftenes Landsforening, Fagpressen, NRK og TV 2.

Skrive av Grethe Melby. Rettshavar: Kampanjen for journalistikken
Sist fagleg oppdatert 11.04.2018