Djupdykk i familiealbumet

Arbeidsoppdrag
Lag eit medieprodukt som viser korleis utviklinga av fotografiet har påverka familien din. Ta utgangspunkt i eit utval fotoalbum gjennom generasjonar. Ta gjerne med fotografi i glas og ramme.
Legg vekt på
korleis fotografia er iscenesette, og kva det seier om korleis personane ønsker å framstå for andre
korleis fotografia uttrykker tilhøyrsel, meiningar og haldningar
korleis fotografia har endra seg i overgangen frå analog til digital fototeknologi
korleis fotografia har blitt distribuerte og delte med andre
kva sider av livet fotografia dokumenterer, og kva som ikkje er dokumentert
Planlegg medieproduksjonen din
A. Skaff deg bakgrunnskunnskap
Studer fagartiklar på NDLA som gir deg bakgrunnskunnskap til å jobbe med oppgåva:
B. Gjer research
I denne fasen må du skaffe deg tilgang til det biletmaterialet du ønsker å undersøke. Hugs at jo eldre bilete du får tilgang til, jo meir spennande blir det å jobbe med oppdraget. Be dei som eig bileta, om å fortelje kven personane på bileta er, når dei vart fotograferte, og kvar og kvifor bileta vart tekne.
C. Gjer utval, reflekter og lag produksjonsmanus
Vel ut fotografi frå ulike tidsepokar som belyser kriteria og problemstillingane i arbeidsoppdraget. Reflekter over kva fotografia fortel om samfunnsforhold, sjølvbilete og kommunikasjon i ulike generasjonar.
Lag eit manus med dei fotografia og kommentarane du vil ha med i produksjonen din.
Produser eit medieprodukt
Vel mellom desse to formata:
lysbiletevisning med skriftlege kommentarar
videoforteljing med munnlege kommentarar
Del resultatet
Resultatet deler du med familien din. Det eignar seg perfekt som gåve til jul eller andre høgtider og jubileum!
Relatert innhald
Få innsikt i samanhengen mellom dine eigne medieopplevingar og tidlegare generasjonar sine medieopplevingar.