Analyseoppgåve Veiviseren - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Analyseoppgåve Veiviseren

Filmen Veiviseren gir eit innblikk i sentrale verdiar i samisk kultur og religion på 1200-talet, men filmen har også ein politisk undertone.

Oppgåve

Sjå spelefilmen Veiviseren (1 t 26 min) og svar på spørsmåla nedanfor.

Handling og miljø

  1. Kvar skjer handlinga?
  2. Kva for tidsperiode er vi i?
  3. Kva kjenneteiknar miljøet?
  4. Beskriv plottet kort.
  5. Kva for tema tek filmen opp? Skriv maks. 50 ord.
  6. Er handlinga kronologisk, eller finn vi tilbakeblikk?
  7. Har filmen parallellhandlingar?
  8. I filmen møter vi fleire ville dyr som speler ei viktig rolle både i samisk religion og som symbol i filmen: ulv, bjørn, ravn og reinsokse. Kva for eigenskapar er det samane tilla desse dyra?
  9. Beskriv scener i filmen som viser kva for magiske evner noaiden har, og korleis desse blir brukte til beste for gruppa.

Karakterar

  1. Beskriv dei viktigaste rollefigurane.
  2. Korleis er forholdet mellom desse personane?
  3. Korleis utviklar hovudpersonane seg gjennom filmen, og kva for hendingar er det som gjer at personen utviklar seg?
  4. Kven i filmen identifiserer vi oss med? Korleis oppnår filmskaparen at vi identifiserer oss med nett denne/desse personane?

Dramaturgi

  1. Beskriv dei viktigaste konfliktane.
  2. Kva for stemning skaper anslaget?
  3. Kva for sjangertrekk kjenner vi att etter å ha sett anslaget?
  4. Kva for konflikt(ar) blir introdusert(e) i første del av filmen?
  5. Korleis blir vi kjent med rollefigurane i filmen?
  6. Kva for hending set fart i handlinga?
  7. Korleis utviklar konfliktan(e) i filmen seg?
  8. Finst det eit "point of no return"?
  9. I kva scene når spenninga høgdepunktet?
  10. Korleis blir konfliktane i filmen løyste?
  11. Blir alle trådane nøsta opp, eller sit du att med nokre spørsmål du ikkje har fått svar på etter å ha sett filmen?

Bodskap

  1. Kva fortel filmen om sentrale verdiar i samisk kultur og religion?
  2. Gir avsluttinga uttrykk for ein bestemt moralsk bodskap?
  3. Korleis speglar filmen Veivisaren Alta–Kautokeino-konflikten?
Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2018