Definisjonen av den deriverte

Vi nyttar same prinsipp som vi brukte for å finne ein tilnærma verdi for den momentane vekstfarten.
Vi tar utgangspunkt i ein tilfeldig funksjon .
Vi teiknar grafen av funksjonen, vel ein tilfeldig -verdi og får eit punkt på grafen .
Vi ønskjer å finne vekstfarten til funksjonen for akkurat denne -verdien.
Vi gir eit tillegg og får eit nytt punkt på grafen, .
Vi trekkjer ein sekant (grøn linje) gjennom punkta A og B.
Vi reknar ut stigingstalet til denne linja:
Vi har då funne eit uttrykk for gjennomsnittleg vekstfart frå A til B.
Vi lèt no punktet B nærme seg punktet A. Vi lèt altså gå mot null.
Då vil sekanten (grøn) gradvis nærme seg til å bli ein tangent (raud linje) til kurva i A.
Stigingstalet (brattleiken) til denne tangenten fortel kor fort kurva veks akkurat her. Vi kallar dette stigingstalet for den momentane veksten i punktet eller den deriverte av i punktet. Vi skriv og les « derivert av ».
Legg merke til at teiknet for den deriverte er ein liten apostrof.
Den deriverte
Vi ser på grafen ovanfor.
, som blir lese « f derivert av », er den verdien
nærmar seg mot når går mot null.
Den deriverte i eit punkt er stigingstalet til tangenten til grafen i dette punktet.
Den deriverte i eit punkt og den momentane vekstfarten i punktet er det same.
Den deriverte funksjonen
Definisjonen av den deriverte er ein lokal definisjon. Han seier noko om verdien av den deriverte i eit punkt, nemleg punktet med førstekoordinaten . Dersom vi no ser på alle verdiar av i definisjonsområdet til , får vi ein ny funksjon, den deriverte funksjonen som til kvar verdi av har -verdien . Det er denne funksjonen vi kallar den deriverte funksjonen.
Derivere tyder "å utleie eller avleie" og er ein ny funksjon som vi har utleidd frå .
Korleis finne verdiar for momentan vekstfart (den deriverte) grafisk

Den momentane vekstfarten eller den deriverte av når til dømes
, er altså det same som stigingstalet for tangenten til kurva når .
Vi kan finne ein verdi for denne vekstfarten grafisk ved å teikne grafen av og tangenten til når .
Vi ser at tangenten har stigingstalet . Den momentane vekstfarten er altså lik når
.
Den deriverte av f(x) når er . Vi skriv
.
Korleis rekne ut verdiar for den deriverte ved å bruke definisjonen
Vi vil no rekne oss fram til den deriverte av når .
Vi hugsar definisjonen på den deriverte
er den verdien som nærmar seg mot når går mot null.
Korleis finn vi så ?
er det uttrykket du får når du byter ut med i funksjonsuttrykket.

Det gir
(Hugs at er éin variabel.)
Når blir meir og meir lik null, så må jo bli meir og meir lik . Derfor nærmar seg når går mot null.
Vi har no funne at når , så er .
Då kan vi rekne ut .
Den deriverte funksjonen av ,, er ein ny funksjon og er definert for alle verdiar av i definisjonsområdet til .
Vi kan bruke denne funksjonen til å finne den momentane vekstfarten for alle verdiar av i definisjonsområdet til .
Til dømes er . Den momentane vekstfarten når er lik 8.