Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Sentralmål

Oppgåvene nedanfor bør du løyse både med og utan hjelpemiddel sjølv om vi nokre stader har forklart korleis du skal gå fram. Nedst på sida kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.

Oppgåve 1

I klassen til Mary Ann fekk elevane desse karakterane på ein matematikkprøve:

Frekvenstabell

Karakter

Frekvens

1

2

2

8

3

7

4

5

5

7

6

1

Bruk eit rekneark. Legg inn tala for karakterverdiar og frekvens frå frekvenstabellen over, og bruk reknearkformlar til å rekne ut gjennomsnittskarakteren.

Løysing

Nedanfor kan du sjå utrekningane av gjennomsnittet i eit ekte rekneark.

Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

Oppgåve 2

Tabellen viser talet på drepne i trafikken i Noreg i perioden 2001 til 2008.

Frekvenstabell

År

Talet på drepte

2001275
2002310
2003280
2004257
2005224
2006242
2007233
2008255

a) Kor mange har vorte drepne i trafikken på desse åtte åra?

Løysing

275+310+280+257+224+242+233+255=2 076

Talet på drepne i perioden 2001 til 2008 er 2 076 personar.

b) Finn det gjennomsnittlege talet på drepne i trafikken i perioden 2001 til 2008.

Løysing

Det gjennomsnittlege talet på drepne i trafikken er

2 0768≈260 personar

c) Finn medianen.

Løysing

Vi sorterer dei åtte tala på drepne i trafikken i stigande rekkjefølgje:

224, 233, 242, 255, 257, 275, 280, 310

Medianen blir  255+2572=256.

d) Gjenta a), b) og c) med nyare tal for talet på drepne i trafikken. Er det grunnlag for å seie at talet på trafikkdrepne har gått ned? Du kan finne tal i statistikkbanken til Statistisk sentralbyrå ved å gå til tabell 12043 på sida Trafikkulykker med personskade (ssb.no). Vel statistikkvariabelen "Drepte" og dei aktuelle åra du vil ha med. Klikk på "Lagre" til venstre og lagre tabellen som eit Excel-rekneark.

Oppgåve 3

Tabellen viser utslepp av CO2 til luft i perioden 1998 til 2008.

CO₂ -utslepp

År

CO₂ i millionar tonn

199841,2
199942,0
200041,6
200143,0
200242,0
200343,3
200443,9
200542,9
200643,3
200745,0
200844,2

a) Kva år vart det sloppe ut mest CO2 til luft?

Løysing

I 2007 vart det sloppe ut 45,0 millionar tonn. Dette var det største utsleppet i denne perioden.

b) Finn gjennomsnittleg utslepp av CO2 i perioden 1998 til 2008.

Løysing

Gjennomsnittleg utslepp av CO2:

41,2+42,0+41,6+43,0+42,0+43,3+43,9+42,9+43,3+45,0+44,211≈42,9 millionar tonn

c) Finn medianen.

Løysing

Vi sorterer tala i stigande rekkjefølgje.

CO2 i millionar tonn: 41.2, 41.6, 42.0, 42.0, 42.9, 43.0, 43.3, 43.3, 43.9, 44.2, 45.0

Medianen blir 43,0 millionar tonn.

Oppgåve 4

Tabellen viser karakterfordelinga i matematikk i ein klasse på vidaregåande skule.

Karakterfordeling

Karakter

Talet på elevar

12
25
38
46
53
61

a) Kva er typetalet?

Løysing

Typetalet er 3.

b) Finn medianen.

Løysing

Talet på elevar i klassen er 25.

Vi finn mediannummeret: 25+12=262=13

Kumulativ frekvens for karakteren 2:  2+5=7
Kumulativ frekvens for karakteren 3:  7+8=15

Av dette ser vi at karakter nummer 13 må vere ein trear når karakterane er sorterte i stigande rekkjefølgje.

Medianen er 3.

c) Finn gjennomsnittet.

Løysing

Gjennomsnittskarakteren er

2·1+5·2+8·3+6·4+3·5+1·625=8125=3,24≈3,2

d) Finn relativ frekvens for dei ulike karakterane.

Løysing

Vi bruker rekneark for å løyse oppgåva.

Frekvenstabell

A

B

C

1

Karakter

Frekvens

Relativ frekvens

2

1

2

0,08

3

2

5

0,20

4

3

8

0,32

5

4

6

0,24

6

5

3

0,12

7

6

1

0,04

8

Sum

25

1

Frekvenstabell

A

B

C

1

Karakter

Frekvens

Relativ frekvens

2

1

2

=B2/B$8

3

2

5

=B3/B$8

4

3

8

=B4/B$8

5

4

6

=B5/B$8

6

5

3

=B6/B$8

7

6

1

=B7/B$8

8

Sum

=SUMMER(B2:B7)

=SUMMER(C2:C7)

Nedanfor kan du sjå utrekningane i eit ekte rekneark.

Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

e) Multipliser den relative frekvensen for ein karakter med tilhøyrande karakter.

Løysing

Vi held fram med reknearket i oppgåve d).

Frekvenstabell

A

B

C

D

1

Karakter

Frekvens

Relativ frekvens

Relativ frekvens
multiplisert med karakter

2

1

2

0,08

0,08

3

2

5

0,2

0,4

4

3

8

0,32

0,96

5

4

6

0,24

0,96

6

5

3

0,12

0,6

7

6

1

0,04

0,24

8

Sum

25

1

A

B

C

D

1

Karakter

Frekvens

Relativ frekvens

Relativ frekvens
multiplisert med karakter

2

1

2

=B2/B$8

=C2*A2

3

2

5

=B3/B$8

=C3*A3

4

3

8

=B4/B$8

=C4*A4

5

4

6

=B5/B$8

=C5*A5

6

5

3

=B6/B$8

=C6*A6

7

6

1

=B7/B$8

=C7*A7

8

Sum

=SUMMER(B2:B7)

=SUMMER(C2:C7)

Nedanfor kan du sjå utrekningane i eit ekte rekneark.

Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

f) Legg saman svara du fekk i oppgåve e). Kva oppdagar du?

Løysing

Vi summerer tala i kolonne D frå reknearket i oppgåve e).

Frekvenstabell

A

B

C

D

1

Karakter

Frekvens

Relativ frekvens

Relativ frekvens multiplisert med karakter

2

1

2

0,08

0,08

3

2

5

0,2

0,4

4

3

8

0,32

0,96

5

4

6

0,24

0,96

6

5

3

0,12

0,6

7

6

1

0,04

0,24

8

Sum

25

1

3,24

Legg vi saman alle produkta av relativ frekvens multiplisert med karakter, får vi gjennomsnittskarakteren.

Frekvenstabell

A

B

C

D

1

Karakter

Frekvens

Relativ frekvens

Relativ frekvens
multiplisert med karakter

2

1

2

=B2/B$8

=C2*A2

3

2

5

=B3/B$8

=C3*A3

4

3

8

=B4/B$8

=C4*A4

5

4

6

=B5/B$8

=C5*A5

6

5

3

=B6/B$8

=C6*A6

7

6

1

=B7/B$8

=C7*A7

8

Sum

=SUMMER(B2:B7)

=SUMMER(C2:C7)

=SUMMER(D2:D7)

Nedanfor kan du sjå utrekningane i eit ekte rekneark.

Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

Nedlastbare filer

Her kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.

Skrive av Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist oppdatert 28.10.2026