Oppgave
Vurdering av sentralmål
Kva sentralmål er best? Er det typetalet, gjennomsnitt eller median? Svaret er at dette må vurderast i kvart tilfelle.
Ti elevar fortel kvarandre kor mykje dei tente i sommarferien. Ni av dei har tent omtrent 10 000 kroner kvar, mens éin elev har arva ei rik tante og har derfor "tent" 5 000 000 kroner. Vi ønskjer å seie noko generelt om kor mykje dei ti elevane har tent.
a) Bestem typetalet og medianen.
b) Finn gjennomsnittet.
c) Kva sentralmål synest du seier mest om kor mykje kvar elev i gruppa har tent?