Oppgåvene nedanfor bør du løyse både med og utan hjelpemiddel sjølv om vi nokre stader har forklart korleis du skal gå fram. Nedst på sida kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.
I klassen til Mary Ann fekk elevane desse karakterane på ein matematikkprøve:
Frekvenstabell
Karakter
Frekvens
1
2
2
8
3
7
4
5
5
7
6
1
Bruk eit rekneark. Legg inn tala for karakterverdiar og frekvens frå frekvenstabellen over, og bruk reknearkformlar til å rekne ut gjennomsnittskarakteren.
Løysing
Nedanfor kan du sjå utrekningane av gjennomsnittet i eit ekte rekneark.
Tabellen viser talet på drepne i trafikken i Noreg i perioden 2001 til 2008.
Frekvenstabell
År
Talet på drepte
2001
275
2002
310
2003
280
2004
257
2005
224
2006
242
2007
233
2008
255
a) Kor mange har vorte drepne i trafikken på desse åtte åra?
Løysing
Talet på drepne i perioden 2001 til 2008 er 2 076 personar.
b) Finn det gjennomsnittlege talet på drepne i trafikken i perioden 2001 til 2008.
Løysing
Det gjennomsnittlege talet på drepne i trafikken er
c) Finn medianen.
Løysing
Vi sorterer dei åtte tala på drepne i trafikken i stigande rekkjefølgje:
224, 233, 242, 255, 257, 275, 280, 310
Medianen blir .
d) Gjenta a), b) og c) med nyare tal for talet på drepne i trafikken. Er det grunnlag for å seie at talet på trafikkdrepne har gått ned? Du kan finne tal i statistikkbanken til Statistisk sentralbyrå ved å gå til tabell 12043 på sida Trafikkulykker med personskade (ssb.no). Vel statistikkvariabelen "Drepte" og dei aktuelle åra du vil ha med. Klikk på "Lagre" til venstre og lagre tabellen som eit Excel-rekneark.