Treskjering: karveskurd
Instruksjonsfilm
I filmen under (lengde 5:14) viser Knut Ivar Sørheim korleis du kan skjere ut ei stjerne, og korleis ulike treskjerarjern skaper ulike spor.
Karveskurd
Treskurd er kunsten å skjere figurar og ornament i tre. Karveskurd er utskjering av geometriske figurar som vi kan teikne ved hjelp av passar og linjal. Døme på dette er seksbladroser og åttebladroser, trekant- og firkantmønster.

Teknikk
Karveskurd er ein teknikk der det blir brukt enkelt verktøy som kniv, skråjern og v-jern, også kalla geisfuss. Motivet blir skore ned i det flate treet. Pass på at du har skarpt verktøy.

Tradisjonshandverk

Teknikken har lange tradisjonar. Eit smykkeskrin som er datert til om lag år 300, er den eldste kjende gjenstanden med karveskurd som er funnen i Noreg. Men karveskurddekor er ikkje spesielt for Noreg. Vi finn tilsvarande dekor i mange andre land. Mønstera vart òg brukte i andre materiale, som tekstil, smijern og keramikk.
Relatert innhald
Karveskurd er ein treskjeringsteknikk med geometrisk dekor. Start med rette linjer. Fortset med svinga former og å la dekoren bli ein del av eit produkt.