Marionett
Film: Rørlege ledd til ein marionett
I filmen under (lengde 13:43) viser Knut Ivar Sørheim korleis du kan lage rørlege ledd.
Oppdrag
Du skal designe og produsere ein funksjonell marionett. Bruk samanføyingsteknikkar, slik at ledda til dukka blir rørlege.
Materiale
Marionetten skal ha kropp i tre, men du kan velje om du vil lage hovudet av papir og lim eller tre. Bruk gjerne tekstil til å lage klede til dukka.
Del 1: Idéutvikling og planlegging

- Undersøk korleis marionettar er brukte i ulike kulturar.
- Teikn idéskisser til ulike figurar.
- Vel ei skisse du vil gå vidare med, og teikn fargeskisser.
- Lag ei arbeidsteikning med nøyaktige mål. Målestokk 1:2 eller 1:1.
Del 2: Produksjon
Kropp
Det er viktig å vere nøyaktig når du måler opp og skjer til emna til dokka. Jobb med å forme kvar enkelt del, og bruk instruksjonsfilmen til å sjå korleis du set dei saman.

Hovud
Du kan bruke avispapir, tape og lim til å lage dokkehovudet. Tilpass forma og storleiken på kroppen til dokka. Hovudet må tørke, før du kan pusse og måle det.

Del 3: Eigenvurdering
- Vurder uttrykket på figuren din. Korleis fungerer han som marionett?
- Kva erfaringar har du gjort i arbeidet med ulike teknikkar, og korleis har læreprosessen din vore?
- Ville du gjort noko forskjellig viss du skulle ha laga marionetten på nytt?
Innlevering
- idéskisser og fargeskisser
- arbeidsteikning
- marionett
- eigenvurdering
Relatert innhald
Lær deg enkle samanføyingsteknikkar som liming, spikring og skruing, og handverksteknikkar som plugging, kryssfelling, fingerskøyt og sinking.