Toving av ull
Film: Toving i ull: Materialer og verktøy
I filmen under (lengde 3:45) forklarer Gry Eli Uhlin-Engstu korleis ull fungerer som materiale, og kva slag utstyr du treng når du skal tove ei flate.
Materialet ull
Ull er det einaste naturfibermateriale som vi kan tove. Det vil seie at vi kan føye det saman, utan å veve eller maske saman trådar. Ull kan kjøpast i mange ulike kvalitetar, men den vi tilrår til skulebruk, er C1-ull. Den beste filt-ulla i Noreg kjem frå spælsauen.
Ullfibrar er omgitte av eit skjellag som vi må fjerne for at ulla kan krympe. Ullfeittet kallar vi lanolin, og dette er ei form for såpe. Ubehandla ull vil lett tove seg når vi har vatn på og gnir ho lett saman. Når vi kjøper behandla, farga ull, må vi tilføre såpe for å få ho til å tove seg. Ulla krympar mest i lengderetninga, og ein må ha minst to kryssande lag med ullfibrar viss ein skal lage eit produkt som krympar likt i begge retningar.
I toveprosessen vil du merke, både visuelt og taktilt, at ullteksturen endrar seg. Ulla går frå ei open og porøs fibermasse til ei tett, fast og lodden overflate. Menneska har laga tekstil av tova ull i lange tider. Filt og vadmel er varme, vassavstøytande og slitesterke ullstoff.

Utstyr

- flytande grønsåpe (utan fosfat)
- sprayflaske til såpevatn
- eventuelt fast Sunlight-såpe til etterbehandling
- bambus- eller sivmatte eller eit vaskebrett
- nylonduk eller bobleplast (for å dekke ulla)
- saks
- handkle
I tillegg treng du tilgang til ein vask.
Ulike toveteknikkar
Film: Flatetoving i ull
Vi kan føye saman ull utan å veve eller maske saman trådar. I filmen under (lengde 5:32) demonstrerer Gry Eli Uhlin-Engstu korleis du kan legge ull i fleire lag og tove ei flate.
Relatert innhald
Lær om toveteknikk og lag ditt eige sitjeunderlag.


